Hopp til innhald

NABP2004 Skipskonstruksjon

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Innføring i skipskonstruksjon med materiallære, skjærkrefter og bøyemoment, skroget si oppbygging, belastningar på skrogbjelka og fribordsberekningar. Introduksjon til dei forskjellige val ein skipskontrahent og skipskonstruktør står ovanfor når eit nytt skip skal byggjast og kva for innverknad desse vala har på det ferdige skipet.

Emneinnhald:

  • Skipskonstruksjon, styrke og stress i skrogbjelken
    • Materialval
  • Prinsipp innan skipskonstruksjon
  • Skipsdesign
    • Fastsetjing av skipet sine hovuddimensjonar
    • Designkoeffisientar
    • Spant og platetjukkleikar
    • Berekning av lettskipsvekta
    • Berekning av skipet sin lastekapasitet
    • Berekning av hydrostatiske data
    • Skrogmotstand, hastigheit, kraftbehov og kraftkoeffisientar
    • Val av propell og ror
    • Bulbdesign
  • Skjærkrefter og bøyemoment
  • Korrosjon
  • Intakt stabilitet
  • Konstruksjonskrav for ulike typar skip
  • Vibrasjon i skip
  • Registrering av skip og skipsdokument
  • Prøvetur; kva vert testa?

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten har:

1. Grunnleggande kunnskap innan:

  • Skipskonstruksjon, styrke og stress i skrogbjelken
    • Materialval
  • Prinsipp innan skipskonstruksjon
  • Skipsdesign
    • Estimat av skipet sine hovuddimensjonar
    • Designkoeffisientar
    • Spant, spantesystem og platetjukkleikar
    • Estimat av lettskipsvekta
    • Estimat av skipet sin lastekapasitet
    • Estimat av hydrostatiske data
    • Skrogmotstand, hastigheit, kraftbehov og kraftkoeffisientar
    • Val av propell og ror
    • Bulbdesign
  • Konstruksjonskrav for ulike typar skip
  • Vibrasjon i skip
  • Registrering av skip og skipsdokument
  • Prøvetur; kva vert testa?

2. Brei kunnskap innan:

  • Intakt stabilitet, skjerkrefter og bøyemoment, korrosjon

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Skildre skipet sine bestanddelar
  • Forklare korleis skipet sine bestanddelar heng saman med kvarandre og kan gjere utrekningar som viser korleis skipet si utforming kan endrast ved bruk av ulike parameter.
  • Gjennom berekningar nytte tileigna kunnskap på eige skip som viser korleis skipskonstruktøren har bestemt skipet si utforming.
  • Undersøke ulike skipsdesign og delar av eit skip med tanke på optimalisert drift
  • Argumentere for og imot eigne og andre sine løysingar og forslag
  • Delta i ein skapande prosess om skipskonstruksjon

Kompetanse:

Studenten har/kan:

  • Teoretisk kompetanse innan emnet i tråd med STCW 78 med tillegg, tabell A-II/1 og A-II/2.
  • Innsikt i relevante problemstillingar relatert til fagområdet.
  • Utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

NAB1001 Fysikk

Tilrådde forkunnskapar

NABP1002 Matematikk

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, rekneøvingar i kombinasjon med eigne studier

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Individuell digital heimeeksamen, 4 timar.

Karakterskala: A - F, kor "A" er beste karakter og "E" er lågaste ståkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2022 - Skipsteknikk - Reduksjon: 3 studiepoeng
  • NAB2007 - Skipskonstruksjon - Reduksjon: 3 studiepoeng