Hopp til innhald

NORU803N Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Norsk 2 er eit vidareutdanningstilbod som finst både som samlingsbasert og reint nettbasert tilbod. Dette er emneplanen for det nettbaserte tilbodet. Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid går om hausten, og Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald går om våren. Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5. -10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet.

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. 

Dette emnet skal gje studentane god kjennskap til språk- og litteraturhistorie, omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, god innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit godt grunnlag for arbeid med læringsfremjande aktivitetar tilpassa norskopplæring for alle elevar. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten har 

  • kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen 
  • kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har og har hatt i kulturen vår 
  • kunnskapar om faghistoria til norskfaget 
  • god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag  
  • god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid 
  • god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur og sakprosa  
  • gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar 
  • kjennskap til dansk og svensk litteratur 
  • utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar 
  • kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget 

Ferdigheiter 

Studenten kan 

  • analysere tekstar med omsyn til språklege trekk knytte til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket 
  • vurdere språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk  
  • førebu og gjennomføre undervisning i språklege og litterære emne 
  • lese, analysere, tolke og samanlikne skjønnlitteratur og sakprosa for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng 
  • bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering 
  • bruke og vurdere digitale læringsverktøy   

Generell kompetanse 

Studenten kan 

  • skaffe seg innsikt i norskfaget og bruke forsking og faghistorie til å reflektere kritisk og konstruktivt 
  • rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile 
  • sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati 
  • vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane  
  • bruke språket sikkert og rett munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1 (NORU801N og NORU802N), 30 sp eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas og/eller i andre digitale samhandlingsverktøy.   

Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom undervisningsøktene. Studentane vil aktivt bruke og få kjennskap til ulike digitale samhandlingsformer ved å ta del i undervisinga og løyse oppgåver ved hjelp av digitale verktøy. Dette bidrar til å auka studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.  

Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:

  • Eit samandrag av ein pensumtekst
  • Ein fagtekst
  • Eit utkast til semesteroppgåve

Bokmål skal nyttast.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

  • Del 1: Heimeeksamen, 3 dagar, bokmål. Tel 50 % av endeleg karakter.
  • Del 2: Oppgåve, 3000 ord, bokmål. Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve. 

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Del 1: Alle hjelpemiddel er tillatt.
  • Del 2: Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel