Hopp til innhald

RUT801 Rektorutdanning - utdanningsleiing

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Studiet er på masternivå og har eit innhald som er bygd opp rundt følgjande temaområde:

  • Elevane sitt læringsmiljø, analysere og bruke ulike typar data for å utvikle skulen
  • Utvikling av profesjonsfellesskap, leiing, samarbeid og læring, tilbakemeldingar og systemisk arbeid
  • Styring og administrasjon, systemkunnskap, handlingsrom og styringsrett til leiarar
  • Utvikling og endring, leiing av innovasjons- og endringsprosessar
  • Eiga leiarrolle og samspel med andre

Studiet består av to hovudsøyler: Den eine søylen er utvikling av studenten som leiar, den andre er utviklinga av skulen som organisasjon. Dei to søylene er gjennomgåande i studiet, og som leiar og student vil du møta dei ulike temaområda med desse som utgangspunkt.

Studiet har vidare som mål å anerkjenne og kombinere to kunnskapsformer - den erfaringsbaserte kunnskapen studenten som skuleleiar har med seg frå eigen praksis, og den teoretiske kunnskapen som vil hjelpe studenten å sette sine eigne erfaringar og perspektiv inn i ein teoretisk samanheng.

Læringsutbytte

Rektorutdanninga skal gi god rolleforståing av leiing og det å leie skuler, den skal gi kompetanse i å leie skuleutvikling og gi eit grunnlag for vidare læring og utvikling som leiar.

Eit sentralt element er at opplæringa skal føre til at alle i skuleorganisasjonen opplever læring og utvikling saman. Utdanninga skal føre til reell endring i skulen, noko som vil bety å utvikle kunnskap om kultur og endring i skulen. Dette inneber at utdanninga skal utfordre synet på leiing, og korleis leiing kan utøvast når alle skal bidra til at læring og utvikling blir ein kollektiv profesjonsutviklingsprosess i skulen. Studiet vil bidra til å styrke leiarkometansen til studentane, som grunnlag for å utvikle ein skule som søker å ta vare på interesser, rettar og behov til elevar, foreldre, lærarar og samfunnet.

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike teoriar om leiing og korleis krav og forventningar til leiarar og medarbeidarar varierer med val av perspektiv
  • har kunnskap om leiing på ulike nivå og i ulike funksjonar
  • har kunnskap om lov og rett, administrasjon og styring
  • har kunnskap om kommunikasjon og konflikthandtering
  • har kunnskap om skulekultur og om skulen som lærande organisasjon og lærande system
  • har kunnskap om leiing av endringsprosessar og kvalitetstenking
  • har kunnskap om utdanningssystem i Norge og i andre land
  • har kunnskap om korleis ein kan vidareutvikle seg som leiar, og om etisk og klokt leiarskap
  • har kunnskap om profesjonsutvikling i skulen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere og reflektere over sterke og svake sider ved seg sjølv som leiar, og arbeide vidare med utfordringar som ein står ovanfor som leiar i skulen
  • kan analysere og reflektere over eigen leiingspraksis i lys av intersubjektive diskursar
  • kan planlegge, reflektere og grunngje val av leiingspraksis
  • kan planlegge, reflektere og grunngje korleis ein leier gjennom relasjonsbygging, struktur, reglar og rutinar, tydelege forventningar og motivering
  • kan forhalde seg til kriser og konfliktar på ein konstruktiv og relasjonsfremmande måte
  • kan bruke kvalitetsverktøy til analyse og utvikling av læringsaktivitetar
  • kan nytte ulike leiarutviklingsverktøy og reflektere over sterke og svake sider ved desse
  • kan leie profesjonsutvikling i skulen

Generell kompetanse

Studenten

  • har ei bevisst haldning til god sjølvinnsikt og etisk merksemd retta mot eigne handlingar som leiar
  • har refleksiv haldning til forholdet mellom lærar- og leiaridentitetar
  • har ei bevisst haldning til korleis skape kollektive læringsprosessar
  • har ei pådrivarrolle i høve til systematisk og målretta utvikling av ein god skule på elev-, kollega- og organisasjonsnivå
  • har evne til å analysere skulen sine utfordringar og evne til å planlegge nye tiltak i eit samfunns- og organisasjonsperspektiv
  • har evne til å identifisere og forhalde seg på ein reflektert måte til etiske utfordringar i mellommenneskelege relasjonar
  • har innsikt i korleis arbeid med forhold som skaper motstand, krise og konfliktar i yrkessamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er nært knytt til skuleleiar sine daglege oppgåver og funksjonar, og straumen av nye utfordringar som skal løysast ad hoc. På samlingane i studiet vekslar vi mellom plenumsførelesingar, arbeid i basisgrupper og par som jobbar saman, med mål om å knytte praksiserfaringar og teori saman. Mellom samlingane skal studenten prøve ut konkrete leiarhandlingar og bringa erfaringane frå utprøvingane tilbake til studentgruppa. Mellom samlingane er det også tid for litteraturstudiar og tekstskriving.

Gjennom studiet skal studenten gjennomføre eit utviklingsarbeid på eigen skule/verksemd. Dette arbeidet dannar utgangspunktet både for dei obligatoriske læringsaktivitetane, og for eksamensteksten som studenten skal arbeide med gjennom heile studiet. I eksamensteksten skal studenten synleggjere eigen utvikling og kompetanse i å leie endrings- og utviklingsprosessar i eigen organisasjon. Undervegs i arbeidet med eksamensoppgåva får studentane tilbod om skriftleg og munnleg vegleiing.

Studiet er samlingsbasert, med 7 samlingar à 2-3 dagar, over tre semester.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det skal gjennomførast og leverast fem individuelle obligatoriskelæringsaktivitetar i tilknyting til samlingane, knytt til tema og eigen praksis. Konkretisering av dei obligatoriske læringsaktivitetane kjem ved studiestart.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjente for at studenten skal kunne melde seg opp til eksamen.

Læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar. Ved ikkje godkjent på ein av læringsaktivitetane, kan den aktuelle læringsaktiviteten takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.

Vurderingsform

Mappeeksamen.

Eksamensoppgåva skal ta utgangspunkt i leiing av et utviklingsarbeid gjennomført ved eigen skule/verksemd i løpet av studiet. Teksten skal handle om korleis skuleleiarane arbeider med eigen, profesjonsfellesskapets og skulen sin faglege utvikling, og erfarte leiarutfordringar knytt til dette. I oppgåva skal den erfaringsbaserte kunnskapen frå arbeidet med utviklingsprosjektet knytast saman med teoretisk kunnskap om leiing og utvikling av organisasjonar, og arbeidet med teksten skal bidra til refleksjon og systematisk argumentasjon som grunnlag for å styrke eigen utøving av leiarrolla.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA3-304 - Rektorutdanning - utdanningsleiing - Reduksjon: 30 studiepoeng