Hopp til innhald

SA588 Sosiologisk forskingsmetode

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei grunnleggande innføring i korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. Eit sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne:

  • kan studenten definere grunnleggande omgrep i sosiologisk forskingsmetode
  • har studenten kunnskap om dei mest brukte forskingsmetodane i sosiologien
  • kan studenten gjere greie for ulike kvalititive og kvantitative undersøkingsopplegg

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • diskutere sterke og svake sider ved bruk av kvantitative og kvalitative data
  • diskutere og grunngje metodeval med utgangspunkt i ulike typar problemstillingar
  • utforme ein plan for, og gjennomføre ei kvalitativ undersøking
  • gjere analysar av kvantitative data ved bruk av eit statistisk analyseverktøy

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • vurdere og tolke metodebruk i sosiologisk og anna samfunnvitskapleg forsking
  • vurdere og halde seg kritisk til det metodiske grunnlaget for forskingsresultat som blir presentert i det offentlege ordskiftet

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, skriftlege oppgåver og sjølvstudium.

Oppgåver til mappe: to skriftlege oppgåver. Ei av desse inngår i sluttvurderinga, og denne blir tilfeldig utvald av emneansvarleg.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav 1: øving i utvalde deler av ein forskingsprosess som nyttar kvantitative data.

Arbeidskrav 2: øving i utvalde deler av ein forskingsprosess som nyttar kvalitative data.

Vurderingsform

Fire timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50%.

Ei skriftleg oppgåver frå mappe, vekting 50%.

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen.

Ved stryk på mappe skal omarbeidd tekst leverast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator

Meir om hjelpemiddel