Hopp til innhald

BIO304 Medisinsk laboratorieteknologi IV - Avanserte laboratorieanalysar

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Medisinsk laboratorieteknologi omhandlar prinsipp for ulike laboratorieanalysar og metodikk som anvendast i dei medisinske laboratoria på tvers av spesialitetar. For å gje studentane innsikt og forståing for medisinsk laboratorieteknologi byggjer emnet både på teori og praktiske laboratorieerfaringar. 

Medisinsk laboratorieteknologi IV - Avanserte laboratorieanalyser omhandlar fylgjande tema: 

  • Molekylærbiologiske analyser 
  • Kromatografi 
  • Massespektrometri 
  • Atomspektroskopi 
  • Nukleærmedisin 
  • Biobank

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har studenten fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskap 

Studenten 

  • Kan forklare prinsipp for ulike molekylærbiologiske metodar, gje døme på når ein anvender desse i medisinske laboratorieanalyser og vurdere fordelar og ulemper ved dei ulike metodane. 
  • Kan forklare prinsipp for ulike kromatografiteknikkar og massespektrometri, gje døme på når ein nyttar desse som medisinske laboratorieanalysar og vurdere fordelar og ulemper ved dei ulike metodane. 
  • Kjenner til prinsipp for atomspektroskopi-analyser og kjenner til sikkerheitstiltak ved arbeid med radioaktive reagensar. Kan gje dømer på når ein nyttar denne metodikken innen medisinsk analyse og behandling.
  • Kan forklare grunnleggjande begrep og lovverk for bruk av biobank, cellelinjer og stamceller. Kan gje dømer på når ein nyttar denne metodikken innan medisinsk analyse og behandling.

Ferdigheiter 

Studenten 

  • Kan sjølvstendig utføre laboratoriearbeid og analysar etter gitte prosedyrar 
  • Kan anvende ulike teknikkar, utstyr og instrumentering innan medisinske laboratorieanalysar 
  • Kan vurdere analyseresultat og analysekvalitet 
  • Bidrar i diskusjon om metodevalg og utvikling av metode
  • Kan presentere metodikk og analyseresultat ved hjelp av ulike presentasjonsformer 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • Syner analytisk og kritisk tenkning 
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i grupper 

Krav til forkunnskapar

Tilsvarende krav til opptak til tredje studieår som definert i studieplan for bioingeniørstudiet. 

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisningssformer i emnet: Førelesingar, kortfilm (e-læring). Studentaktive læringsformer vert nytta slik som arbeid med case og oppgåver, problembasert læring og diskusjonar. Studentane får rettleing i praktisk laboratoriearbeid, utføring av ulike dataanalyser, samt i vurdering av analyseresultat og av analysekvalitet. I tillegg får studentane tilbakemeldingar og rettleing frå undervisarar og medstudentar på  innleveringar og presentasjonar. 

Den digitale læringsplattforma Canvas vert nytta i emnet. Studentane leverer arbeid på Canvas. Digitale læringsressursar er tilgjengeleg på nettsida ePraksis.no. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 4-7 laboratorieøvingar. 

Oppmøte til praktisk laboratoriearbeid  er obligatorisk og gjennomføring av laboratoriearbeidet må vere godkjent for å få vurdering i emnet.  

  • Innlevering av skriftlege gruppearbeid og/eller individuelle arbeid
  • Presentasjonar 
  • Medstudent-vurdering

Omfang og tidspunkt for obligatorisk oppmøte til laboratorieøvingar og problembasert læring, innleveringar og presentasjonar vert presisert ved semesterstart. 

Godkjende arbeidskrav er gyldig i seks påfølgjande semester. 

Vurderingsform

Mappevurdering: 

Etter endt undervisning skal studenten levere to-tre av dei innleverte arbeidskrava til vurdering. Minst eit av arbeidskrava som vert levert til vurdering må vere eit individuelt arbeid. 

Tjuefire timar før frist for innlevering av vurderingsmappa, får studentane informasjon om kva arbeidskrav som skal leverast til vurdering.  Informasjon om innlevering og vurdering av vurderingsmappa vert opplyst på Studentweb og Wiseflow.  Dato for innlevering av vurderingsmappa vert oppgitt ved semesterstart. Vurderingsmappa leverast via den digitale vurderingsplattforma Wiseflow. 

Karakterskala A-F vert nytta, der F tilsvarer ikkje bestått. Det vert gjeve individuell karakter i emnet. Når individuelt arbeid og gruppearbeid vert vurdert til ulike karakterar, slik at heilheitlige vurdering fell mellom to bokstavkarakterar, vil det individuelle arbeidet vektleggjast ved endeleg karaktersetting.

Hjelpemiddel ved eksamen

 Alle hjelpemiddel er tillatte.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BIO134 - Medisinsk laboratorieteknologi III - Reduksjon: 10 studiepoeng