Hopp til innhald

HI103 Historie 1800-1930. Innføring i norsk og internasjonal historie

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet byrjar med dei varierande statssystema i Europa og det globale økonomiske systemet som hadde Europa som sentrum. Framveksten av ein moderne norsk nasjonalstat vil bli nytta som inngang for å forstå ei generell utvikling i den vestlege verda med nasjonsbygging og demokratisering. Dette skjedde i mange samfunn i perioden parallelt med industrialisering, urbanisering og migrasjon som stod sentralt i djuptgripande moderniseringsprosessar i samfunnet. Dette var ein prosess som både hadde økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle sider. Det imperialistiske verdssystemet nådde høgdepunktet og braut saman mot slutten av perioden, som blir avrunda med krisene i mellomkrigstida.

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten..

  • har brei realhistorisk kunnskap om sentrale hendingar, samfunnsstrukturar, idear og prosessar i norsk, europeisk og global historie frå 1800 til 1930
  • kan gjere greie for industrialiseringa og urbaniseringa i perioden
  • kan gjere greie for framveksten av folkestyre og folkesuverenitet
  • kan forklare sentrale omgrep som nasjonalisme og imperialisme og gjere greie for den europeiske dominansen
  • har kunnskap om slaveri, liveigenskap og personleg fridom
  • har kunnskap om dei store vitskaplege gjennombrota frå Darwin til Einstein
  • kan gjere greie for utbygging av infrastruktur, globale handelssystem og gjennombrotet for massemedia
  • har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
  • kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme moderne samfunn

Ferdigheiter

Kandidaten …

  • kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt

Generell kompetanse

Kandidaten…

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan formidle sentralt historisk fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Studenten skal skrive ei oppgåve med tilbod om rettleiing.

2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (5 timar).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA504 - Nasjonalisme, imperialisme & demokratisering. Verda frå 1800-1991 - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • SA601 - Historie 1700-1914: Frå opplysningstida til fyrste verdskrigen - Reduksjon: 10 studiepoeng