ING3043 Brannteknisk funksjonsbasert design
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje ei innføring i dokumentasjon av brannsikkerheit ved fråvik frå rettleiing til byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven og inneheld følgjande:
- Metodar for dokumentasjon av fråvik frå rettleiing til byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven,
- Dokumentasjon av brannsikkerheit i eksisterande bygningar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- kan gjere reie for sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan branningeniørens fagområde.
- kan oppdatere kunnskapen sin innan for fagområdet.
- kan dokumentere brannsikkerheit i samsvar med funksjonsbaserte krav skildra i byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven.
- kan skildre analyse- og beregningsmetodar og korleis desse kan nyttast for å dokumentere eit tilfredsstillande sikkerheitsnivå.
- har oversikt over gjeldande regelverk.
- kan dokumentere brannsikkerheit i eksisterande bygg
Ferdigheiter
Studenten:
- kan nytte gjeldande regelverk innan fagområdet.
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forsking og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling.
- kan identifisere, planleggje og gjennomføre prosjekt og arbeidsoppgaver.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan formidle kunnskapen sin skriftleg og munnleg til ulike målgrupper.
- kan bidra til å synleggjera følgjer og konsekvensar av ulike branntekniske løysingar.
- kan reflektere over eiga fagleg utøving, òg i team og tverrfaglige grupper.
- kan medverka i faglege diskusjonar innan eige område og kunne dele sine kunnskapar røynsler med andre.
Krav til forkunnskapar
- Arbeidskrav for ING2045 Aktive og passive brannsikringssystemer må vera gjennomført og bestått.
- Mappeeksamen for ING2046 Brannteknisk design må vera gjennomført og bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Metodikk for rømningsanalyse, som inngår i mappeeksamen, blir undervist i ING3049 brannteknisk simulering. Det blir føresett at ING3049 blir gjennomført samtidig eller i forkant av emnet. I tillegg blir det tilrådd at følgjande fag vert gjennomført i forkant av emnet:
- ING2046 Brannteknisk design av bygg
- ING2045 Aktive og passive brannsikringssystemer
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, sjølvstudium og prosjektarbeid som inneheld både individuelle oppgåver og gruppeoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein obligatorisk innlevering enten i form av:
- eit resymé av tildelt brannteknisk granskingsrapport, eller
- ei brannteknisk tilstandsvurdering innafor eit begrensa tema
Arbeidet kan gjennomførast i grupper eller individuelt. Oppgåveform blir bestemt av faglærar.
Vurderingsform
Del 1: Mappe, tel 50 % av endeleg karakter.
Del 2: Muntleg eksamen, 30 min, teller 50 % av endeleg karakter.
Begge delene må vera bestått.
Gradert karakter A - E / F (stryk).
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1: Alle fysiske trykte og skrivne hjelpemiddel.
Del 2: Ingen hjelpemidlar.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- INGB-068 - Brannteknisk prosjektering - Reduksjon: 10 studiepoeng
- INGB079 - Brannteknisk prosjektering - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING3013 - Brannteknisk prosjektering - funksjonsbaserte løsninger - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING3020 - Brannteknisk prosjektering - funksjonsbaserte løysningar - Reduksjon: 10 studiepoeng