Hopp til innhald

MOØ223 Metode og forskingsdesign

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje kunnskap om forskingsdesign og metode som skal førebu studentane til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid - masteroppgåva. I emnet inngår grunnleggande kunnskapar om vitskapsteori, forskingsdesign, og innføring i kvalitative og kvantitative metodar. Emnet skal gje innsikt i sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar og kople dette opp mot vitskaplege metodar og metodeval. I denne delen inngår også etikk og refleksjonar knyt til forskingsetiske val og personvern. Studentane skal få innsikt i korleis utarbeida eit forskingsdesign (forskingsproblem, utvalsstrategi, og val av metode). Studentane får innføring i ulike metodar innan kvalitativ forsking, som etnografi, observasjon og intervju og intervjuteknikkar og kva som skapar validitet og reliabilitet i kvalitativ forsking. Det blir og undervist i casestudie forsking. Vidare får studentane ei innføring i kvantitative metodar, som inkluderer deskriptiv analyse, estimering, regresjonsanalyse og hypotesetesting. Studentane skal få kunnskap og praktisk forståing av reliabilitet og validitet innan kvantitativ forsking.

Læringsutbytte

Kunnskap

Ved fullføring av kurset, har studenten:

  • avansert kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar og korleis desse er relatert til valg av metodar og gjennomføring av forskingsprosjekt og kunnskap om forskingsetikk
  • avansert kunnskap om korleis utarbeide eit forskingsdesign til eit sjølstendig forskingsarbeid
  • inngåande kunnskap om sentrale metodar og teknikker innan kvalitativ og kvantitativ forsking
  • kunnskap om korleis forbereda, organisera og skrive ei masteroppgave innan 30 studiepoeng
  • forskingsetiske problemstillingar

Ferdigheitar

Ved fullføring av kurset, kan studenten:

  • utarbeide og gjennomføra datainnsamling og kritisk vurdere ulike datakjeldar
  • anvende sentrale metodar og teknikkar innan kvalitativ forsking
  • vurdere validitet, styrkjer og svakheitar i eit kvantitativt forskingsdesign
  • utarbeide og gjennomføra eit sjølstende forskingsarbeid knytt til private eller offentlege organisasjonar som undersøkingsobjekt og anvende kunnskap frå andre deler av programmet i analyse av organisasjon

Generell kompetanse

  • anvende kunnskap om forskingsdesign og metode, og kritisk vurdere høveligheita til ulike forskingsdesign og metodar for konkrete forskingsprosjekt
  • utarbeidde og gjennomføra eit sjølstendig forskingsarbeid tufta i vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Opptakskrav til masterprogrammet (MIL)

Tilrådde forkunnskapar

Fullførd 1. og 2. semester på MIL-programmet

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga består av førelesningar og praktiske øvingar i vitskapsteori og kvalitativ metode, inkludert case-studie forsking. Studentane er forventa å vere aktive i undervisninga gjennom å stille kritiske spørsmål, delta i gruppe- og plenumsdiskusjonar, svare på spørsmål og visa evne til kritisk refleksjon over fagstoffet.

Studentane skal delta i gruppearbeid og presentera munnleg eller skriftlege resultat av gruppearbeid i vitskapsfilosofi, kvalitativ metode og case-studieforsking. Studentane kan også få tilbod om å delta på eit studentaktivt seminar i kvantitativ metode. Kurset kan inkludere eit seminar utanfor HVL.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kandidaten kan framstilla seg til eksamen:

  • Delta i gruppearbeid i vitskapsteori og levera ei skriftleg innlevering
  • Delta i gruppearbeid i kvalitativ metode og gjennomføra ein munnleg presentasjon
  • Delta i gruppearbeid i case-studieforsking og levera ei skriftleg innlevering
  • Levera inn prosjektskisse i metode og forskningsdesign til masteroppgåva

Deltakelse på tilbod om studentaktivt seminar i kvantitativ metode er frivilleg.

Godkjente arbeidskrav er gyldige i eksamenssemesteret og 3 påfølgjande semestre.

Vurderingsform

Individuell skriftleg digital heimeeksamen, 5 timar

Karakterskala er A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel