Hopp til innhald

MOØ233 Digital organisering og leiing

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet er eitt av valfaga som er retta inn mot arbeidet med masteroppgåva i etterfølgjande semester. Undervisningsforma er ein kombinasjon av forelesingar/forelesingsvideoar, gjesteforelesingar og seminar der studentane er forventa å delta aktivt, m.a i form av presentasjonar i gruppe. Studentane jobbar i løpet av kurset med ei skisse til eit forskingsprosjekt, og det blir sett av tid undervegs i semesteret til dette arbeidet, inkludert litteratursøk og -gjennomgang og rettleiing på innlevert utkast.

Tema i emnet er relatert til organisasjon og leiing i ei digital verd, til dømes korleis digital teknologi og utnytting av denne både mogleggjer og krev ei endring av:

  • produkt og tjenester
  • organisatoriske strukturar og prosesser
  • organisasjonens kjernekapabiliteter
  • ledernes rolle
  • samarbeidsformar
  • interaksjon mellom tilsette og digitale løysingar som robotar og kunstig intelligens

Vi kjem også inn på problemstillingar tilknytt berekraft, etikk og jus relatert til bruk av digital teknologi i organisasjonar og verdiskapinga deira.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar og forståing av:

  • korleis digital teknologi mogleggjer og inneber endringar i organisasjonar;
  • digital teknologi og digitale løysingar som kan ha innverknad på organisasjonen i seg sjølv og åtferd og verdiskaping.

Ferdigheiter:

Etter fullført emne skal studenten kunna:

  • forklara og diskutera korleis digital teknologi mogleggjer og inneber endringar i organisasjonar;
  • kritisk reflektera over og nytta relevante teoriar knytt til forskingsfelta organisasjon og leiing og digitalisering/digital transformasjon.
  • delta konstruktivt i og bidra med forskingsbaserte forslag i ulike endringsprosessar som er muliggjorde eller drivne av digital teknologi

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten vera i stand til å:

  • jobba både sjølvstendig og i team med arbeid knytt til både praktiske og teoretiske problemstillingar
  • presentera resultata av slikt arbeid i munnleg og skriftleg form
  • kommunisera med både spesialistar innan feltet og andre om relevante tema
  • forstå når det er nødvendig å innhenta ytterligere kunnskap, og kvar denne kan finnast.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Introduksjonskurs i organisasjonsteori, f.eks MOØ222 Teknologiledelse 1 og etikk eller tilsvarande kurs.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar/forelesingsvideoar, gjesteforelesingar, seminar med studentpresentasjonar, sjølvstudium av litteratur.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane (i grupper på 2-3 studentar) skal presentera ei masteroppgåve i eit seminar. Studentane skal også presentera idear og forslag knytte til arbeidet med ei forskingsskisse (semesteroppgåva).

Vurderingsform

Semesteroppgåve i form av ei forskingsskisse for masteroppgåva, skal skrivast i gruppe på maksimum 2 studentar (normalt sett den same gruppa som skal skriva masteroppgåva saman). Lengda på semesteroppgåva: ca. 20 sider ( /- 10%), skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle fysiske trykte og skrevne hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel