MOØ233 Digital organisering og leiing
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er eitt av valfaga som er retta inn mot arbeidet med masteroppgåva i etterfølgjande semester. Undervisningsforma er ein kombinasjon av forelesingar/forelesingsvideoar, gjesteforelesingar og seminar der studentane er forventa å delta aktivt, m.a i form av presentasjonar i gruppe. Studentane jobbar i løpet av kurset med ei skisse til eit forskingsprosjekt, og det blir sett av tid undervegs i semesteret til dette arbeidet, inkludert litteratursøk og -gjennomgang og rettleiing på innlevert utkast.
Tema i emnet er relatert til organisasjon og leiing i ei digital verd, til dømes korleis digital teknologi og utnytting av denne både mogleggjer og krev ei endring av:
- produkt og tjenester
- organisatoriske strukturar og prosesser
- organisasjonens kjernekapabiliteter
- ledernes rolle
- samarbeidsformar
- interaksjon mellom tilsette og digitale løysingar som robotar og kunstig intelligens
Vi kjem også inn på problemstillingar tilknytt berekraft, etikk og jus relatert til bruk av digital teknologi i organisasjonar og verdiskapinga deira.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar og forståing av:
- korleis digital teknologi mogleggjer og inneber endringar i organisasjonar;
- digital teknologi og digitale løysingar som kan ha innverknad på organisasjonen i seg sjølv og åtferd og verdiskaping.
Ferdigheiter:
Etter fullført emne skal studenten kunna:
- forklara og diskutera korleis digital teknologi mogleggjer og inneber endringar i organisasjonar;
- kritisk reflektera over og nytta relevante teoriar knytt til forskingsfelta organisasjon og leiing og digitalisering/digital transformasjon.
- delta konstruktivt i og bidra med forskingsbaserte forslag i ulike endringsprosessar som er muliggjorde eller drivne av digital teknologi
Generell kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten vera i stand til å:
- jobba både sjølvstendig og i team med arbeid knytt til både praktiske og teoretiske problemstillingar
- presentera resultata av slikt arbeid i munnleg og skriftleg form
- kommunisera med både spesialistar innan feltet og andre om relevante tema
- forstå når det er nødvendig å innhenta ytterligere kunnskap, og kvar denne kan finnast.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Introduksjonskurs i organisasjonsteori, f.eks MOØ222 Teknologiledelse 1 og etikk eller tilsvarande kurs.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar/forelesingsvideoar, gjesteforelesingar, seminar med studentpresentasjonar, sjølvstudium av litteratur.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane (i grupper på 2-3 studentar) skal presentera ei masteroppgåve i eit seminar. Studentane skal også presentera idear og forslag knytte til arbeidet med ei forskingsskisse (semesteroppgåva).
Vurderingsform
Semesteroppgåve i form av ei forskingsskisse for masteroppgåva, skal skrivast i gruppe på maksimum 2 studentar (normalt sett den same gruppa som skal skriva masteroppgåva saman). Lengda på semesteroppgåva: ca. 20 sider ( /- 10%), skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Karakterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle fysiske trykte og skrevne hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel