Hopp til innhald

MSB101 Teori og praksis i marknadsføring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Solide teoriar er ein del av kjernen for god forsking. Gjennom dei forstår vi faktum om det sosiale livet, og vi kan bruke dei til å føresjå om situasjonen i framtida vil vere den same dersom vilkåra er identiske. Dei hjelper oss med å knyte saman hendingar til generelle rammeverk som gjer at vi kan finne årsak og verknad, slik at vi kan forklare korleis samfunnet og aktørane i det fungerer. Innsikt i ei rekkje teoriar - ikkje berre innanfor marknadsføring, men på tvers av fagområde - kan bidra til at studiet av det sosiale livet blir meiningsfylt, nyttig og spennande. Emnet skal gi studentane ei forståing for filosofiar, forskingsutvikling og kva innverknad teoriane har på forskinga. Dei skal også bli eksponerte for teoriar som er utvikla innanfor marknadsføring og andre fagområde som økonomi, leiing, psykologi og sosiologi. Emnet gir også innsikt i korleis ein tek i bruk marknadsføringsteoriar i praksis - til dømes merkevarebygging, kommunikasjon og stadsmarknadsføring.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter avslutta emne vil studenten

  • ha avansert kunnskap om grunnleggjande teoriar innanfor marknadsføring og kva praktiske konsekvensar dei kan ha
  • ha avansert kunnskap om marknadsføringsteoretiske konsept
  • ha spesialisert innsikt i fleire viktige tenkjemåtar og praksisar innanfor marknadsføring
  • forstå korleis ein kan tilnærme seg teoretiske og praktiske problem innanfor marknadsføring, og korleis ein kan analysere dei ved hjelp av ulike teoriar

Ferdigheiter

Etter avslutta emne vil studenten

  • kunne analysere og sjå kritisk på ulike teoriar innanfor marknadsføring og bruke dei til å strukturere og formulere vitskapleg argumentasjon
  • kunne sjå kritisk på ulike informasjonskjelder innanfor marknadsføring og bruke dei til å delta i debatt og konstruktiv kritikk i diskusjonar
  • kunne analysere marknadsføringsteoriar og arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske marknadsføringsproblem
  • forstå korleis praktiske problem med marknadsføring kan analyserast gjennom ulike teoriar

Generell kompetanse

Etter avslutta emne vil studenten

  • kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter innanfor marknadsføring til å gjennomføre avanserte oppgåver innanfor marknadsføring
  • kunne utvikle betre forståing for konseptuelle og analytiske verktøy som er nødvendige for å gjere kritiske vurderingar av teoretiske og praktiske bidrag innanfor marknadsføring
  • kunne kommunisere om teoretiske og praktiske utfordringar innanfor marknadsføring både med spesialistar og eit allment publikum

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gjennomført marknadsføringsemne på lågare nivå

Undervisnings- og læringsformer

Teoretiske marknadsføringstekstar, lesingar og gjennomgangar av vitskaplege artiklar vil utgjere kjernen i emnet. I tillegg til tradisjonelle forelesingar blir det lagt opp seminar der ein vil diskutere praktiske døme og lesingar av artiklane.

Det skal skrivast ei semesteroppgåve i grupper på maksimalt tre personar, og denne oppgåva vil utgjere 60 prosent av karakteren. Eit forslag til idear for oppgåva skal sendast inn i starten av emnet og drøftast med den emneansvarlege før ein set i gang. Det er eit mål at gruppeoppgåva skal kunne sendast til ein konferanse eller eit tidsskrift når ho er ferdig. I oppgåva kan studentane sjå nærare på éin eller fleire teoriar, korleis teoriane er utvikla, litteraturen og bruken som har vakse fram basert på dei, og kva status dei har i samtida, men studentane kan også utvikle andre idear. Det vil bli halde jamlege seminar for å diskutere framdrifta med oppgåvene. Det er sterkt tilrådd å leggje fram forslag til oppgåve og diskutere skriveprosessen i seminara, slik at ein kan dele idear og perspektiv med dei andre.

Ein individuell slutt heimeeksamen vil bli halden når emnet er ferdig, og denne vil utgjere dei siste 40 prosentane av karakteren. Kurset blir gjennomført på engelsk, og alle kurs arbeid og eksamenar skal leverast på engelsk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane vil bli bedne om å lese ei rekkje vitskaplege artiklar i løpet av emnet. Det vil vere obligatorisk å sende inn to kritiske gjennomgangar av artiklar frå ulike emneområde og diskutere dem på seminarer. Gjennomgangen skal gjerast i grupper på maksimalt tre, vil ha godkjend/ ikkje godkjend som vurdering og vil utgjere arbeidskravet «godkjend», som er eit krav for å kunne ta slutteksamenen.

Vurderingsform

Vurderinga er todelt:

  • Ei semesteroppgåveinnlevering skriven av maksimalt 3 studentar saman (60 prosent av sluttvurderinga).
  • individuell heimeeksamen (40 prosent av sluttvurderinga), 5 timar.

Karakterskalaen er A-F, der F er stryk.

Studentane må stå på begge vurderingane for å bestå emnet totalt sett.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skriftlege og trykte hjelpemiddel er tillatne

Meir om hjelpemiddel