Hopp til innhald

NHR101 Natur, helse og rørsle

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kunnskapsområdet Natur, helse og rørsle bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning (2018), forsking og profesjonell erfaring. Kunnskapsområdet er ein obligatorisk del av utdanninga og omfattar naturfag, fysisk fostring og mat og helse. Emnet er lagt til første studieår.

Naturen er ein viktig arena for friluftsliv, opplevingar og erfaringar, og studentane skal gjennom kunnskapsområdet både sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid i naturomgjevnadar og barnehagens uterom.

Gjennom praksisnære oppgåver skal studentane få erfaringar med å legge til rette for uformelle og formelle leike- og læringssituasjonar i ulike miljø. Barns sanselege og kroppslege veremåte er sentralt i studentanes arbeid med tilrettelegging for rørslemessige erfaringar, eksperimentering, utforsking, undring, samtale, refleksjon, leik og læring.

Barnehagelæraren skal kjenna til folkehelseutfordringar og skal bidra til barnas motoriske og fysiske utvikling. Måltid og matlaging skal gje barna eit grunnlag for å utvikla matglede og bidra til forståing for maten sitt opphav. Norske tradisjonar innan natursyn, matkultur og fysisk aktivitet kan verke framande på mange. Med bakgrunn i dette legger utdanninga vekt på korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar.

Arbeidet i kunnskapsområdet skal i stor grad vera praktisk retta og knyta til praksisfeltet. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunna observera, analysera og forstå barns leik, utvikling og læring. Gjennom emnet skal studentane få kunnskap og erfaring med å tilretteleggja for leik og læring for alle aldersgrupper, sikra likestilling, ta omsyn til mangfaldet og berekraftig utvikling i barnehagen. På denne måten vil emne bidra til at studentane blir medvitne rollemodellar.

Kunnskapsbasen bygger i hovudsak på fagområda naturfag, fysisk fostring og mat og helse. Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Ulike oppgåver i emne kan vera knyta til forskings- og utviklingsprosjekt ved HVL når det ligg til rette for det.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om barn sin bruk av kropp og sansar i leik og læring, og om korleis ein kan skape rom for dette
  • har kunnskap om tydinga av friluftsliv og naturopplevingar for barn
  • har kunnskap om fysiske fenomen, biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengar i naturen
  • har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan arbeida med dette temaet
  • har kunnskap om menneskekroppen, motorisk og fysisk utvikling, helsefremjande arbeid og livsmestring.
  • har kunnskap om mat, maten sitt opphav, maten sine sensoriske eigenskapar, matlaging og måltid som pedagogisk ressurs

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartlegga og bruka naturen og nærmiljøet til ulike årstider ved naturfagleg undring, eksperimentering og læring, kroppsleg utforsking, leik og samtalar med barn
  • kan bruke materialar, råvarer, teknikkar, reiskapar og lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn
  • kan planlegga og gjennomføra faglege aktivitetar med barnegrupper av ulik alder og kritisk vurdere eigen pedagogiske leiing og praksis
  • kan legge til rette for fysisk aktivitet, varierte måltid og god hygiene i samsvar med nasjonale føringar
  • kan bruka ulike leikemiljø, og samstundes legge til rette for barns meistring gjennom ulike typar leik

Generell kompetanse

Studenten

  • er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og måltid
  • kan planlegge, lede, gjennomføre, dokumentere, og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til rammeplan for barnehagen og nasjonale retningslinjer.
  • kan drøfte etiske problemstillingar knytt til kunnskapsområdet
  • kan reflektere over naturen sin verdi og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med mat, helse, natur og rørsle
  • kan meistre språk både munnleg og skriftleg i profesjonssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli nytta varierte arbeidsformer som lærarstyrte og studentstyrte aktivitetar, arbeid i grupper, seminarverksemd, førelesningar, rettleiing individuelt/gruppe og sjølvstudium. Delar av det studentaktive arbeidet vil liggja utanfor dei timeplanfesta aktivitetane. Praktisk arbeid og ulike aktivitetar ute og inne vil bli vektlagd i kunnskapsområdet, men studiet blir organisert slik at teori og praktisk arbeid utgjer ein heilskap.

PRAKSIS

Praksis blir gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (BBLPR101) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Ei oppgåve gjennomførast i samband med praksis der studentane skal planleggje, gjennomføre og evaluere ein utedag. Oppgåva er knytt til læringsutbyttet:
    • Studenten kan planlegga og gjennomføra faglege aktivitetar med barnegrupper av ulik alder og kritisk vurdere eigen pedagogiske leiing og praksis
  • Ei gruppeoppgåve der studentane skal utforske og beskrive kva eit naturområde kan by på og korleis ein kan bruke eit slik område med ei barnegruppe. Oppgåva er knytt til læringsutbytta:
    • Studenten kan bruka naturen og nærmiljøet til ulike årstider ved naturfagleg undring, eksperimentering og læring, kroppsleg utforsking, leik og samtalar med barn
    • Studenten kan legge til rette for fysisk aktivitet, varierte måltid og god hygiene i samsvar med nasjonale føringar
  • Obligatorisk deltaking i undervisning med læringsaktivitetar, minimum 80%

Alle obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart og er knytt til læringsutbytta i emnet.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent. Dei må vere levert/gjennomført til fastsett innleveringsfrist for at dei skal bli vurdert. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) moglegheit til ny innlevering / gjennomføring innanfor ordinært studieforløp i emne. Nytt forsøk må vere godkjent seinast 2 veker før eksamen startar.

Vurderingsform

Praktisk eksamen.

Del 1 (50 %): Ein praktisk del i gruppe på 3-7 timar og munnleg presentasjon i gruppe ca. 10-20 minutt

Del 2 (50 %): Munnleg individuell del på 5-10 minutt.

Både del 1 og del 2 må være bestått for å få karakter i emnet. .

Dersom ein får ikkje-bestått på individuell del, kan ein gjennomføre ny eksamen semesteret etter. Dersom ei gruppe stryk, blir ny eksamen gjennomført ved næraste eksamensavvikling. Dersom ein student ikkje får fullført eksamen med gruppa si, kan studenten ta gruppe-eksamen med ein ny gruppe ved næraste eksamensavvikling. Dersom dette ikkje lèt seg gjera, blir ny eksamen gjennomført som praktisk eksamen åleine.

Individuell karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Personlege notatar på del 1. Lenke til «Meir om hjelpemiddel» lagar eit utdjupande notat om korleis ein kan bruka hjelpemiddel ved eksamen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NHRD101 - Natur, helse og rørsle - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • NHB1 - Natur, helse og rørsle 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU-K-NHB - Natur, helse og bevegelse - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU-NHB - Natur, helse og bevegelse - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU3-1001 - Natur, helse og rørsle - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU-N-NHB1 - Natur, helse og bevegelse 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ABLU-NHB - Natur, helse og bevegelse - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • NHR102 - Natur, helse og rørsle - Reduksjon: 20 studiepoeng