Hopp til innhald

PL412 Landskapsinngrep

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Vurdering av økologiske, visuelle og samfunnsmessige konsekvensar av ulike typar utbygging i landskapet, som kraftutbygging (vindkraft og vasskraft), veganlegg og større rekreasjonsanlegg (t.d. hyttebygging). Identifisering av visuelle og økologisk sårbare landskap, naturområde og vegetasjon. Introduksjon til konsekvensanalyse, landskapsøkologiske effektar, avbøtande tiltak og naturrestaurering. Øving i terrengforming gjennom grunnleggande kartteikning for hand. Studentane skal gjennomføre ei prosjektoppgåve med vurdering av visuelle og økologiske konsekvensar av ei utbygging i landskapet.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studenten skal forstå konsekvensar av ulike typar utbyggingar, og korleis desse varierer for ulike typar landskap.

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne enkel terrengforming og visualisere terrengendringar gjennom grunnleggande kartteikning.

Generell kompetanse

  • Studenten kan gjere greie for konsekvensar av ulike store landskapsinngrep.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Det er anbefalt å ha gjennomført PL416 Landskapsanalyse

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, 1-3 ekskursjonar, individuelle øvingsoppgåver og gruppeoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gruppeoppgåve i utvalgt tema

Individuelle øvingar med innlevering i terrengforming

Deltaking på obligatoriske ekskursjonar

Vurderingsform

1) Skriftleg prosjektoppgåve i gruppe på 3 - 5 deltakarar, 60%.

2) Skriftleg skuleeksamen, individuell fleirvalstest, 2 timar, 40%.

Ved stryk eller ynskje om forbetring av karakter, må ny prosjektoppgåve leverast.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Eksamen del 1 (skriftleg oppgåve i gruppe): Alle

Eksamen del 2 (individuell fleirvalstest): Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PL412 - Landskapsinngrep og terrengforming - Reduksjon: 10 studiepoeng