Hopp til innhald

PL412 Landskapsinngrep

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Vurdering av økologiske, visuelle og samfunnsmessige konsekvensar av ulike typar utbygging i landskapet, som kraftutbygging (vindkraft og vasskraft), veganlegg og større rekreasjonsanlegg (t.d. hyttebygging). Identifisering av visuelle og økologisk sårbare landskap, naturområde og vegetasjon. Introduksjon til konsekvensanalyse, landskapsøkologiske effektar, avbøtande tiltak og naturrestaurering. Øving i terrengforming gjennom grunnleggande kartteikning for hand. Studentane skal gjennomføre ei prosjektoppgåve med vurdering av kva konsekvensar ei utbygging får for landskapet.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studenten skal forstå konsekvensar av ulike typar utbyggingar, og korleis desse varierer for ulike typar landskap.

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne enkel terrengforming og visualisere terrengendringar gjennom grunnleggande kartteikning.
  • Studenten skal kunne drøfte og legge fram skriftleg konsekvensvurdering av landskapsinngrep.

Generell kompetanse

  • Studenten kan gjere greie for konsekvensar av ulike store landskapsinngrep og drøfte desse.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Det er anbefalt å ha gjennomført PL416 Landskapsanalyse

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, 1-3 ekskursjonar, individuelle øvingsoppgåver og gruppeoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Individuell innlevering av øvingar i terrengforming.
  • Deltaking på seminar om økologi og landskapsøkologi.
  • Deltaking på obligatoriske ekskursjonar.

Vurderingsform

1) Prosjektoppgåve i gruppe på 3 - 5 deltakarar, 40%.

Ved stryk må ny prosjektoppgåve leverast neste gang emnet vert undervist.

2) Individuell oppgåve, 60%.

Ved stryk kan forbetra versjon av oppgåva leverast i påfølgande semester. Ved seinare semester må ny oppgåve ta utgangspunkt i årets tema for prosjektoppgåve i grupper.

Begge delane må vere bestått for å bestå emnet.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Eksamen del 1 (prosjektoppgåve i gruppe): Alle

Eksamen del 2 (individuell oppgåve): Alle

Meir om hjelpemiddel