Hopp til innhald

PL471 Kulturmiljøforvaltning

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet kombinerer kunnskap om kulturarv og kulturminner, med praktiske oppgåver og øvingar knytt til forvalting av kulturminner. Vi går gjennom kulturminne knytt til ulike kulturelle grupper, ulike historiske epoker og ulike geografiske kontekstar. Vidare lærer vi om den historiske utviklinga av kulturlandskapet og av byggverk i Norge. Underliggande i dette, får vi også innsikt i historiske trekk og viktige aktørar i kulturminneforvaltinga. Til slutt får vi døme på korleis kultuminne kan brukast som ein ressurs for lokal utvikling og verdiskaping. Ved å ta utgangspunkt i studentane sine bakgrunnar søker emnet å bygge vidare på eksisterande kunnskap, og dermed skape engasjement. 

Dei praktiske oppgåvene i emnet er retta mot praktisk forvalting av kulturminne, særleg på lokalt nivå. Studentane vil arbeide med vurderingar, verdsetjing, databasar, planar og lovverk. Ekskursjonane gir innblikk i fysiske miljø der kulturminne speler ei viktig rolle, og vi får også øving i praktisk sakshandsaming. 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har: 

  • kjennskap til kjenneteikn ved ulike kategoriseringar for kulturminne, og kan gje døme.
  • grunnleggande kunnskap om forholdet mellom identitet og  kulturminneforvalting.
  • kjennskap til historiske hovudtrekk og viktige aktørar i norsk kulturminneforvaltning.
  • kunnskap om utviklingstrekk i norsk byggjeskikk, samt samanhengen og skilnadane mellom byggeskikk og arkitektur.
  • kunnskap om kulturpåverknaden i landskapet og den historiske utviklinga av kulturlandskapet.
  • kjennskap til metodar for avdekking, registrering og verdisetjing av kulturminne.
  • kunnskap om samanhengen mellom arealplanlegging og kulturminneforvalting.
  • kunnskap om korleis kulturminner kan vere ein ressurs for verdiskaping, og sentrale spenningar som kan oppstå.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke databasar til å innhente opplysningar om kulturminne.
  • gi råd om grunnleggande kulturminneforvalting i samband med kommunal planlegging.
  • bruke retningslinjer for verdisetjing av kulturminne.
  • utøve elementær kulturminneforvaltning, ved bruk av kulturminnelova og kulturminneplanar.

Generell kompetanse

Studenten: 

  • har erfaring med å skrive og omarbeide ei akademisk oppgåve.
  • har øving i å søke opp og anvende relevant litteratur i oppgåveskriving.
  • kan lese og gi konstruktiv tilbakemelding til medstudentar.
  • har trening i munnleg framlegg av fagstoff.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesningar
  • Øvingar
  • Diskusjonar
  • Studentpresentasjonar
  • Ekskursjonar
  • Rettleiing på eksamensprosjekt

Obligatorisk læringsaktivitet

2 innleveringar av utkast til eksamensoppgåve

Lese og gi tilbakemelding på 1-2 grupper sine utkast til eksamensoppgåve

Gruppevis munnleg framlegg av eksamensoppgåve

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve (40 %)

Individuell munnleg eksamen (60 %)

Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge deleksamenar må vere bestått for at emnet skal bli bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg gruppeoppgåve: Alle

Munnleg eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PL471 - Kulturlandskap og kulturarv - Reduksjon: 10 studiepoeng