ØAA114 Human Resource Management
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er forankra i og skal støtte opp om FNs berekraftsmål om anstendig arbeid. Emnet baserer seg på ein kombinasjon av teori og praksiseksempel frå arbeidslivet og gir øving i å nytta teori på praktiske problemstillingar.
HRM er eit kjernefag i moderne organisasjonsutdanning. Emnet gir ein innføring i korleis organisasjonar kan nyttiggjere seg tilsette sine evner, kunnskapar, eigenskapar og ferdigheiter basert på ein berekraftig forvaltning av menneskelege ressursar gjennom heile tilsetjingsforholdet frå rekruttering til avslutning. Korleis ein kan leggje til rette for læring, kompetanseutvikling, motivasjon, gode arbeidsforhold og jobbtilfredsheit står sentralt. Studiet skal gi grunnleggjande kunnskap om HRM-funksjonens ansvar, rolle og oppgåver i styring og leiing av organisasjonar, samt kunnskap om relevante metodar, verkemiddel og verktøy i HRM-arbeidet.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten skal få kunnskap om:
- sentrale HRM-prosessar gjennom heile tilsetjingsforholdet frå rekruttering til avslutning
- betydninga av strategisk forankring av HRM-arbeidet
- HRM-funksjonens ansvar, rolle og oppgåver, under dette relevante metodar, verkemiddel og verktøy
- den norske arbeidslivsmodellen, arbeidslivets spilleregler og betydninga av internasjonalisering for HRM-arbeidet
- berekraftig forvaltning av dei menneskelege ressursane i ein organisasjon
Ferdigheiter
Kandidaten skal kunne:
- analysere, planlegge, gjennomføre og evaluere sentrale HRM-prosesser og -tiltak i ei organisasjon, som rekruttering, arbeidsmiljøutvikling, kompetanseutvikling og avslutning av arbeidsforhold
- Reflektere kritisk om ulike HRM-praksisar i organisasjonar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA112 Organisasjon og leiing, eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom forelesingar, diskusjon og gruppearbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 gruppebasert arbeidskrav knytt til skriving av semesteroppgåve.
Vurderingsform
Gruppebasert semesteroppgåve med justerande munnleg eksamen. Karakteren på semesteroppgåva kan etter munnleg eksamen justerast opp eller ned maksimalt éin karakter.
Karakteren etter munnleg eksamen kan settast individuelt for det enkelte gruppemedlem.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Semesteroppgåve: Alle hjelpemidlar tillatt
Meir om hjelpemiddel