ØAL111 Inntroduksjon til Logistikk
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kurset gir oversikt over funksjonane til logistikken i ei verksemd, og dessutan sentrale utfordringar, målsetjingar og verkemiddel. Det blir fokusert på struktur- og prosessmessige effektiviseringsprosjekt, og det blir gitt trening i å tenke og handle ut frå heilskapsvurderingar, basert på logistiske prinsipp.
Kursets innhaldsmessige hovuddelar kan kort samanfattast som følgjer:
- Oppbygningen av eit logistikksystem og dets sentrale element
- Logistikkaktivitetene i ei bedrift
- Verktøy/verkemiddel for forbetring av logistikken
- Typiske potensiale og utviklingstrekk innan logistikken
Læringsutbytte
Kurset skal gi studentane:
- Grunnleggjande kunnskapar om sentrale funksjonar, målsetjingar og verkemiddel innanfor logistikkområdet
- Innsikt i korleis god logistikk kan bidra til ei verksemds samla marknadsmessige og økonomiske resultat
- Forståelse for viktigheita av prosessorientering og heilskapstenking i samband med forbetringsarbeid
- Ferdigheter til å meistra enkle, men viktige verktøy innan logistisk forbetringsarbeid, under dette metodikk for berekning av logistikkostnader
- Flytkartlegging
- Etablering av totalkostnadsmodellar for samanlikning av handlingsalternativ
- Beregning av flytbaserte og økonomiske nøkkeltal til bruk i samband med analyse av nåsituasjon og handlingsalternativ
- Ledetidsanalyse
- Verktøy for optimalisering innan behaldningsstyring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Forkunnskapar innan bedriftsøkonomi er ein fordel.
Undervisnings- og læringsformer
Klasseromsundervisning og oppgåveseminar kombinert med gruppearbeid. Gruppebasert rettleiing etter behov.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 gruppebaserte obligatoriske arbeidskrav må vera bestått før eksamen kan takast.
Godkjent arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og 3 etterfølgjande semester.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Eksamen kan bli halde på digitalt eksamenssystem.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle kalkulatormodellar er tillatne, med følgjande unntak
- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kalkulatoren skal ikkje kunna behandla symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koplast til straumnettet
- kalkulatoren må ikkje laga støy
Meir om hjelpemiddel