Hopp til innhald

ØAL114 Transport, transportrett og leveringsvilkår

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Transport, transportrett og leveringsvilkår

Kurset skal gi studentane grunnleggjande innføring i dei ulike transportformene, lastbærere, lastenheter mv. som er kjernen i logistikken. Vidare inngåande kunnskap om dei kjøpsrettslege, transportrettslege og forsikringsrettslege reglar og praksis som partane må ta omsyn til som følgje av dei inngåtte leveringsvilkåra.

Leveringsvilkår

Kurset skal gi studentane inngåande kunnskap om dei nasjonale og internasjonale leveringsvilkåra som blir nytta i ein handelstransaksjon og som er eit resultat av dei inngåtte kjøpsavtalane som er grunnlag for sjølve handelstransaksjonen med tilhøyrande logistikk.

Fagemne

• Praktisk transport- og varekunnskap

• Spedisjonsrett

• Sjø-/Luft- og Vegtransportrett

• Lager, terminal og varemottak

• Transportforsikringsrett

• Leveringsbetingelser (Incoterms®)

• Betalingsvilkår, inkludert dokumentinnkasso og Remburs

Læringsutbytte

Kunnskaper om:

• Transportformer

• Lastbærere

• Lastenheter

• Transportretten

• Transportforsikringsretten

• Incoterms® og andre leveringsvilkår

Ferdigheter

• Kunne forstå og velje passande transportformer med tilhøyrande lastenheter

• Kunne behandle transportrettslege problemstillingar både frå transportør- og varesida

• Kunne planleggje, og gjennomføre ein logistikkoperasjon

Generell kompetanse

• Transportkunnskap

• Forståelse for korleis logistikken blir påverka og blir bestemd av transport- og leveringsvilkår

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning kombinert med gruppearbeid og eventuelt gjesteforelesingar. Studentane skriv ei gruppebasert semesteroppgåve innan transportrett og/eller leveringsvilkår, primært i ei sjølvvald bedrift, alternativt og i mangel av eigna bedrift, som ei rein teoretisk oppgåve

Obligatorisk læringsaktivitet

• 1 gruppebasert obligatorisk arbeidskrav må vere bestått før eksamen kan takast.

• Godkjent arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og 3 etterfølgjande semester.

Vurderingsform

Skriftlig skuleeksamen, 4 timar

Skriftlig eksamen blir gjennomført på digitalt eksamenssystem (Wiseflow).

Karakterskala A-F der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Norske Lovar, NSAB 2015, forsikringsvilkår, Incoterms 2020-plansje

Nasjonal transportplan

Alle kalkulatormodeller er tillatt, med følgjande unntak

- kalkulatoren skal ikkje ha mulighet for mottak/sending

- kalkulatoren skal ikkje kunne behandle symbolske matematiske uttrykk

- kalkulatoren kan ikkje koblas til strømnettet

- kalkulatoren må ikkje lage støy

Meir om hjelpemiddel