Hopp til innhald

ØAA117 Praktisk prosjektleiing

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I praktisk prosjektleiing arbeider kandidatane i team for å gjennomføre eit prosjekt i løpet av semesteret. Det vert lagt vekt på at kandidatane skal ta tak i faktiske problemstillingar med ei interesseorientert tilnærming og ha fokus på brukarane sine behov. Emnet er utforma for å styrkje kandidatane si kompetanse og ferdigheiter innan utvikling, organisering og leiing av verkelege prosjekt.

Kandidatane vil få ein grundig innføring i ulike fasar av prosjekt- og teamarbeid, med teoretisk opplæring og innføring i omgrep, metodar og verktøy. Praksisnære utfordringar oppmuntrar til kreativitet og ei løysingsorientert tilnærming. Kandidatane utviklar ferdigheiter knytte til prosjektleiing gjennom praktisk bruk av teori, verktøy og metodar. Det vert lagt vekt på at kandidatane skal vere i stand til å diskutere og reflektere på eit fagleg nivå. I tillegg skal kandidatane utvikle og kunne reflektere over eigne evne innan teamarbeid, samt øve seg på munnlege presentasjonar.

Læringsutbytte

Kandidaten vil, etter å ha gjennomført og bestått dette emnet, inneha:

Kunnskapar om:

  • Betydinga av prosjekt, verdiskaping og prosjektsuksess
  • Prosjektdefinering, samt val av gjennomføringsstrategi og planlegging
  • Prosjektleiing og -organisering
  • Leiing i prosjekt, samt team og teamutvikling
  • Handtering av usikkerheit, inkludert identifisering, analyse, prioritering og utvikling av tiltak for å handtere usikkerheitsfaktorar
  • Interessentar og handtering av interessentar
  • Læring og innovasjon i prosjekt, samt berekraft og etikk i prosjektarbeid
  • Avslutning av prosjekt

Ferdigheiter:

  • Skildre teoriar og modellar for prosjektleiing og anvende desse i praksis
  • Bruke Excel eller tilsvarende for å utvikle plan-dokument
  • Velje ut og anvende relevante analysar og modellar for eit gitt prosjekt
  • Formidle relevant fagleg kunnskap til ulike interessentar, både skriftleg, munnleg og visuelt, inkludert utforming av plan-dokument og rapportar
  • Reflektere over eigen fagleg utøving

Generell kompetanse:

  • Samarbeide i team for å skape eit felles produkt
  • Kritisk refleksjon over eigen fagleg utøving og utvikling
  • Utveksle og formidle synspunkt og erfaringar med andre innanfor prosjektarbeid for å bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive undervisingsformer inspirert av prosjektbasert, problembasert og casebasert læring. Presentasjonar, basert på ein aktiv og dialogbasert læringsmodell, diskusjon i team og rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei følgjande 2 obligatoriske arbeidskrava må gjerast i team og godkjennast for å kunne gå opp til eksamen:

  • Statusrapport
  • Sluttrapport

Godkjende arbeidskrav gjeld i eksamenssemesteret og påfølgande semester.

Vurderingsform

Det er to munnlege eksamenar, desse er:

  1. Ein statusrapport, der teamet presenterer statusen i prosjektarbeidet. Denne eksamenen er lagt til første halvdel av semesteret.
  2. Ein sluttrapport, der teamet presenterer arbeidet med prosjektet, refleksjonar, erfaringar og læring dei har opparbeidd seg gjennom semesteret. Denne eksamenen er lagt til slutten av semesteret.

Kvar av eksamenane varar i 30 minutt og består av ein presentasjonsdel og ein diskusjonsdel.

Kvar eksamen tel 50% av den endelege karakteren i emnet. Karakterskalaen er A-F, der F svarar til ikkje stått.

Eksamen blir gjennomført i team, og alle deltakarane i teamet må vere delaktige under eksamen. Dersom kandidaten ynskjer å forbetre karakteren, må både arbeidskrava og eksamenane gjerast om neste gong faget vert gjeve

Hjelpemiddel ved eksamen

Digitale presentasjonsverktøy

Meir om hjelpemiddel