Hopp til innhald

ØAO016 Strategi og verksemdsutvikling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kurset gir ei innføring i grunnleggjande strategiske perspektiv og analysar. Gjennom kurset vil kandidatane opparbeide seg kunnskap om strategiske metodar og utvikle ei forståing for strategisk tenking. Vidare vil kurset gi kandidatane ei innføring i grunnleggjande forretningsutvikling.

Kandidatane vil arbeide i grupper med to arbeidskrav og ein semesteroppgåve. Desse er forma slik at kandidatane får øvd seg på å bruke kunnskapane, ferdigheitene og dei generelle kompetansane som er skildra under.

Læringsutbytte

Kandidatane vil etter å ha gjennomført og bestått emnet ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som skildra under:

Kunnskapar:

  • Ha fått god innsikt i strategiske problemstillingar.
  • Ha forståing for kva som trengs for å fatta strategiske avgjerder, og korleis desse vert påverka av interne og eksterne forhold.
  • Ha kunnskap om ulike strategiske tilnærmingar basert på eksterne og interne analysar.
  • Ha kunnskap om korleis strategi og verksemdsutvikling heng saman og vert påverka av interne og eksterne forhold.
  • Ha kunnskap om korleis ein kan identifisere moglegheiter for verksemdsutvikling, og korleis ein kan leggje til rette for å utnytte desse.

Ferdigheiter:

  • Kunne gjennomføra strategiske analysar av verksemder (eksternt og internt), og kunne diskutera korleis innsikt frå desse påverkar val og implementering av strategi.
  • Kunne identifisere og analysere kva element som er viktige for verksemder si evne til å skapa verdi over tid.
  • Kunne formulera ei forretningsidé for ei verksemd.
  • Identifisere ei verksemd si forretningsidé og -modell, viktige utfordringar internt og eksternt, samt kva som er viktig for verksemd si verdiskaping.
  • Identifisere og drøfta problemstillingar knytt til strategiske val og operasjonalisering av strategi.

Generell kompetanse:

  • Forstå betydninga av strategi og verksemdsutvikling for verksemder.
  • Evne til kritisk refleksjon rundt tema i emnet.
  • Evne til å presentere fagstoff og analyse både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar tilsvarande grunnleggande marknadsføring (t.d. BØA116) og grunnleggande organisasjonsfag (f.eks. BØA112). Noko forkunnskapar i samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi er ein fordel.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å levere semesteroppgåva må dei følgjande to arbeidskrava være bestått:

  1. Ein skriftleg gruppeoppgåve.
  2. Eit skriftleg eller munnleg gruppearbeid som skal delast med klassen.

Obligatoriske arbeidskrav gjeld eksamenssemesteret og dei 3 påfølgjande semestra.

Vurderingsform

Semesteroppgåve som skal løysast i gruppe (100 % av endeleg karakter)

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne, med følgjande avgrensingar:

Kandidatane må referere til og informere om eventuell bruk av kunstig intelligens (KI). Semesteroppgåva skal vere skriven av kandidatane som leverer oppgåva, ikkje av KI, dette vil bli rekna som juks. KI kan likevel brukast som støtte i skriveprosessar, som ein samtalepartner og liknande. Sjå særleg kapitla «Om å skrive og referere» og «Kunstig intelligens» på sida for innlevering av heimeeksamen og oppgåver.

Meir om hjelpemiddel