Hopp til innhald

GKB301 Global Knowledge

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Dette internasjonale studiet er for studentar som ynskjer å tileigne seg tverrkulturell kompetanse og global forståing gjennom forskingsbasert teori og ein fleirkulturell praksis med tre månadars opphald i Zambia.

Studentane får digital og fysisk undervisning i global og landspesifikk kunnskap knytt til historie, politikk, økonomi, religion, kultur og utdanning. Interkulturell kommunikasjon knytt til kjønn og status i ulike samfunn vert vektlagt spesielt. Studentane har fleirkulturell prosjektpraksis i tre månadar med praksis og prosjektarbeid i Zambia.

Studentane har praksis på minimum 4 veker knytt til observasjon, deltaking og leiing av barn i førskulealder i ulike barnehagar og deltaking i undervising ved ei barnehagelærarutdanning i det landet studentane har praksis i. I tillegg til praksis skal studentane sjølv velje eit tema som dei gjennom individuell refleksjon, datainnsamling, analyse og prosjektrapport arbeider med gjennom heile semesteret. Her vert feltarbeid som metode og kritisk tenking sentrale arbeidsmåtar. Målet er å auke studentane si interkulturelle kompetanse som barnehagelærare i Noreg gjennom tre månadar i ein kontekst der ein må forstå nye kulturelle referansar som minoritet.

Læringsutbytte

Studenten skal ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha kunnskap om Nord-Sør perspektiv og global og lokal dialektikk
  • skal ha kunnskap om globale samanhengar mellom økonomiske. sosiale og miljømessige sider ved bærekraftig utvikling og FN's bærekraftmål
  • skal ha kunnskap om ulike typar samfunn og kulturar med særleg vekt på tradisjonelle og høgmoderne samfunn
  • skal ha kunnskap om feltarbeid i ein ny kulturell kontekst
  • skal ha kunnskap om barnehagefeltet i ein ny kulturell kontekst

Ferdigheiter

Studenten

  • skal kjenne til andre menneske sine strukturelle rammer, relasjonar og kommunikasjonsmønstre
  • skal kunne utveksle synspunkt om sentrale kulturelle og berekraftige problemstillingar i eit Nord-Sør perspektiv
  • kan bruke eigen profesjonskompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
  • kan samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med menneske frå ulike kulturar
  • kan anvende feltarbeid som metode og skrive ein prosjektrapport

Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne reflektere over globale perspektiv med særleg fokus på norsk, nordisk og afrikansk kontekst
  • skal ha innsikt i eigen og andre sine forståingshorisontar og verdssyn
  • kan overføre til norsk kontekst profesjonskompetanse erfart i afrikansk kontekst, alternativt nordisk kontekst
  • kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad og utvide eigen forståingshorisont i møte med andre menneske

Krav til forkunnskapar

Fullført 1. og 2.klasse BLU praksis og eksamener. Før utreise til Zambia må også fullført praksis og eksamen høsten 3.klasse vere fullført.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vekslar mellom digitale og fysiske førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid, rettleiing og studentpresentasjonar. Studentane må rekne at alle læringsaktivitetar er obligatorisk, og dei fysiske undervisingsøktene vil innehalde gruppediskusjonar, framlegg, introduksjonsprogram/praksisførebuing og andre studentaktive læringsformer. Oversikt over undervising og dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

I tre månader vil læring være knytt til opphald, datainnsamling og praksis i ein anna kulturell kontekst, diskusjonar med medstudentar under opphald i utlandet og samarbeid med medstudentar og rettleiarar. Sjølvstendig arbeid i praksis og feltarbeid med prosjektrapportskriving, krev sjølvdisiplin og tilpassingsevne i ein ny kulturell kontekst.

PRAKSIS

Minimum fire vekers praksis der minst 3 veker er praksis som barnehagelærar i ein førskule der fyrste veke er observasjon og dei to andre med ansvar for å delta og leie aktivitetar i denne barnehagen. Ei veke er knytt til å delta i undervisning ved ein førskulelærarutdanning og førskule- og skulebesøk. Studentar som ynskjer å ha meir praksis utover fire veker kan avtale dette med våre afrikanske samarbeidsinstitusjonar og fagansvarleg i Noreg.

Studentane har tre månadars opphald i Zambia som ei internasjonal utveksling. Studentane må rekne med å betale eigenandel for reise og opphald, jfr. HVL sitt reglement for dekning av bu- og reiseutgifter for studentar, og med reisestøtte frå Lånekassa vil utgiftene vere om lag dei same som om dei var i Noreg dei tre månadene dei er på utveksling.

Praksis gjennomføres elles etter egne læringsutbytter som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis BBLPR301 ligger i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsiden for praksis i barnehagelærerutdanningen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytta til læringsutbytta i emnet.

  • Godkjent obligatorisk deltaking, minimum 80%. Aktiv deltaking knytta til undervisning før, under og etter opphold i Zambia (blir presisert ved oppstart). Dette er knytt til læringsutbytte (LUB):

    • skal ha kunnskap om ulike typer samfunn og kulturar med særleg vekt på tradisjonelle og høgmoderne samfunn
  • Minst ein presentasjon på engelsk før avreise knytta til læringsutbytte om å Nord-Sør perspektiv, berekraftig utvikling og globale utfordringar
  • Skriftleg innlevering på utlevert tema som førebuing til opphald i anna kontekst (1500 ord). Knytta til utvida forståing av fleirkulturelle tema.
  • Innlevering av prosjektskisse knytt til prosjektrapport som er del av eksamen.

    • skal ha kunnskap om feltarbeid i ein ny kulturell kontekst
  • Førebu, gjennomføre og evaluere utprøving av prosjekt i praksis.

    • skal ha kunnskap om barnehagefeltet i ein ny kulturell kontekst

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) mogeligheit til ny innlevering/ gjennomføring innafor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist.

Vurderingsform

  • Del 1: Individuell munnleg eksamen på 20-25 minutt. Tel 50% av samla karakter.
  • Del 2: Individuell prosjektrapport. 5000 ord. +/- 10 %. Tel 50% av samla karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att aleine

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle på prosjektrapport og ingen på munnleg eksamen.

Meir om hjelpemiddel