Hopp til innhald

NABP2005 Praksis II

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er basert på 8 veker om bord i eit farty. I tida om bord er studenten mønstra som student, men får godkjent tida om bord som sertifikatgivande fartstid for søknad om dekksoffisersertifikat.

Om bord vil studenten i stor grad jobbe i eit internasjonalt miljø. På nokre farty kan studenten jobbe saman med ein eller fleire nordmenn, medan studenten på andre farty vil vere einaste nordmann om bord. Dette avheng av kva for farty reiarlaga har til disposisjon for praksisplassar. Det betyr at studenten må kommunisere på engelsk, som på svært mange skip er arbeidsspråket. Studenten må leve med og samhandla med kollegaer med ulik nasjonalitet og kulturell bakgrunn, og må vere medvitne om korleis ein kommuniserer og oppfører seg. I nokre tilfelle vil fartyet stort sett operere i norsk farvatn, men flere av fartya vil operere i internasjonalt farvatn og hamner.

Praksis II er det andre av fire praksisemne i studieprogrammet, og praksisperioden vert i hovudsak retta inn mot navigasjonsrelaterte problemstillingar. I tillegg vil praksisperioden handle om familiarisering med skipstekniske problemstillingar. Dette vil setjast saman med perspektiva frå emne gjennomført så langt i studiet, og legg grunnlaget for vidare arbeid med komande emne.

Emnet har følgjande delar:

Sikkerheitskurs: For studentar som ikkje har gyldig kursbevis for STCW grunnleggande sikkerheitsopplæring for sjøfolk i tråd med STCW tabell A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1 vert kurs gjennomført i forkant av utreise

Oppstart: Tilnærming til faget. I første del av vårsemesteret førebur ein praksisperioden, slik at studentane er klar for avreise i siste del av 4. semester.

Praksisperiode: Praksisperioden vert gjennomført om bord i tildelt farty. Utreisedato og heimreisedato kan variere frå student til student, men alle studentane har 8 veker om bord i fartyet. Opplæringsansvarlig om bord på fartyet og faglig og administrativ kontaktperson ved HVL følger studenten opp. Arbeidsomfang om bord er 12 t mandag til fredag og 8 t laurdag og søndag, totalt 76 timar i ei arbeidsveke. Studenten følgjer vaktsystemet som vert nytta om bord. I tillegg til relevante arbeidsoppgåver tildelt av mannskapet på skipet jobbar studenten med Webcadet om bord.

Avslutning: Praksisemnet vert avslutta med ei samling der studentane deler sine erfaringar, refleksjonar og perspektiv med medstudentane sine.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • Har kunnskap om navigasjon
  • Har brei kunnskap om karakteristika ved forskjellige vérsystem, rapporteringsprosedyrar og registreringssystem.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bestemme skipet sin posisjon vha ulike teknikkar som til dømes terrestrisk navigasjon, astronomisk navigasjon og bestikkoppgjer
  • Kan bruke navigasjonskart og publikasjonar
  • Kan påvise feil ved magnetisk kompass og gyrokompass vha astronomiske og terrestriske middel
  • Kan bruke og tolke informasjon frå meteorologiske instrument om bord
  • Kan nytte tilgjengeleg meteorologisk og navigasjonsrelatert informasjon på ulike problemstillingar og ta grunngjevne val
  • Kan oppretthalde sikker bruvakt
  • Kan reagere i naudssituasjoner og treffe korrekte tiltak
  • Kan sende og motta informasjon gjennom optisk telegrafering
  • Kan manøvrere skipet
  • Kan førebygge, avgrense og sløkke brannar om bord
  • Kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing

Kompetanse

Studenten

  • Har oppnådd kompetansemåla 1.2, 1.4, 1.5, 1.8 og 1.9, i tillegg til kompetansekriteria 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4, 1.1.5, 1.1.9, 1.1.11, 1.1.12 og 1.1.13 i Webcadet.
  • Kan setje dei praktiske erfaringene frå praksisperioden i samanheng med teori
  • Kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver aleine og saman med andre i tråd med etiske krav og retningsliner
  • Kan organisere og leie eige arbeid
  • Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til navigasjon og sikkerhet
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innan fagområdet både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått NABP1004 Praksis I, NAB1026 Navigasjon I og NAB1027 Navigasjon II

Gyldig helseerklæring utan avgrensingar iht FOR-2014-06-05-805 Forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakere på norske skip og flyttbare innretninger

Gyldig pass

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Praksisemnet vert i hovudsak gjennomført om bord i skip.

Undervisnings- og læringsformene er basert på studentaktivitet, og studenten har eit stort ansvar for å tileigne seg naudsynt kompetanse.

I all hovudsak inneheld emnet deltaking på førebuingsøkter til praksis, praktisk arbeid, e-læring, sjølvstudium og deltaking på samling i etterkant av praksisopphaldet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande arbeidskrav må være godkjende for å kunne reise ut i praksis:

- Gjennomført og bestått STCW vidaregåande sikkerheitsopplæring for sjøfolk

- 100 % deltaking på førebuingsøkter til praksis

Følgande arbeidskrav skal bli gjennomført i praksisperioden:

- Gjennomført kompetansemåla 1.2, 1.4, 1.5, 1.8 og 1.9 komplett med alle kompetansekriterium i Webcadet.

- Gjennomført kompetansekriteria 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4, 1.1.5, 1.1.9, 1.1.11, 1.1.12 og 1.1.13 i Webcadet.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert til bestått / ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må studenten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til deltaking.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB3039 - Integrert praksis - Reduksjon: 2 studiepoeng