Hopp til innhald

NORU803N Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Norsk 2 er eit vidareutdanningstilbod som finst både som samlingsbasert og reint nettbasert tilbod. Dette er emneplanen for det nettbaserte tilbodet. Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid går om hausten, og Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald går om våren. Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5. -10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet.

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Dette emnet skal gje studentane god kjennskap til språk- og litteraturhistorie, omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, god innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit godt grunnlag for arbeid med læringsfremjande aktivitetar tilpassa norskopplæring for alle elevar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om faghistoria til norskfaget
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har og har hatt i kulturen vår
  • har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag
  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur og sakprosa
  • har gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar
  • har kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere tekstar med omsyn til språklege trekk knytte til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket
  • kan vurdere språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk
  • kan førebu og gjennomføre undervisning i språklege og litterære emne
  • kan lese, analysere, tolke og samanlikne skjønnlitteratur og sakprosa for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan bruke og vurdere digitale læringsverktøy

Generell kompetanse

Studenten

  • kan skaffe seg innsikt i norskfaget og bruke forsking og faghistorie til å reflektere kritisk og konstruktivt
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • kan bruke språket sikkert og rett munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1 (NORU801N og NORU802N), 30 sp eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas og/eller i andre digitale samhandlingsverktøy.

Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom undervisningsøktene. Studentane vil aktivt bruke og få kjennskap til ulike digitale samhandlingsformer ved å ta del i undervisinga og løyse oppgåver ved hjelp av digitale verktøy. Dette bidrar til å auka studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.

Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:

  • Eit samandrag av ein pensumtekst samt tilbakemelding på to samandrag skrive av medstudentar
  • Ein fagtekst
  • Eit utkast til semesteroppgåve

Bokmål skal nyttast.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen. Vert ikkje ein læringsaktivitet godkjend ved fyrste forsøk, kan ein få eitt nytt forsøk innan ein frist fastsett av faglærar.

Minst éin av dei tre obligatoriske læringsaktivitetane skal vise at studentane, i tråd med læringsutbytta, har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag og god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid. Minst éin av dei tre obligatoriske læringsaktivitetane skal vise at studentane, i tråd med læringsutbytta, har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur og sakprosa, og gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar. To av dei tre læringsaktivitetane skal vise at studentane har kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget, og at dei kan førebu og gjennomføre undervisning i høvesvis språklege og litterære emne, slik det er formulert i læringsutbytta. Alle dei tre obligatoriske aktivitetane skal vise at læringsutbyttet "studentane kan bruke språket sikkert og rett skriftleg" er oppnådd. Nærare retningslinjer vil bli gitt i Canvas.

Vurderingsform

  • Del 1: Heimeeksamen, 3 dagar, bokmål. Tel 50 % av endeleg karakter.
  • Del 2: Oppgåve, 3000 ord, bokmål. Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Del 1: Alle hjelpemiddel er tillatt.
  • Del 2: Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel