BAMM3005 Maritimt regelverk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet "Maritim jus" er ein spesiell del av sjøretten som tar for seg nasjonale og internasjonale rettsreglar som skal bidra til god skipssikkerheit. Sentrale tema er:
- Hav- og farvannsrett, som kva fartøy som er omfatta av regelverket og kor.
- Pliktene til reiarlaget, skipsføraren og andre om bord når det gjeld skipssikkerheit og sikkerheitsstyring.
- Rettslege krav til teknisk og operativ sikkerheit, som sertifikat.
- Rettslege krav til trygg navigasjon og forsvarleg vakthald.
- Rettslege krav som skal bidra til personleg sikkerheit og godt arbeidsmiljø om bord.
- Rettslege krav som skal forhindra forureining og sikre det ytre miljøet.
- Rettslege krav til sikring av skip mot terrorangrep, piratangrep, cybertrusler mv.
- Tilsyn og kontroll med skip, som havnestatskontroll etter Paris MoU og EU-direktiv.
- Straffansvar og sanksjonar ved regelbrot i sjøfartsforhold.
Eit gjennomgåande tema er korleis internasjonale sjøfarts- og skipssikkerheitsreglar er gjennomførde i norsk rett. Sentrale konvensjonar og regelverk er Havrettskonvensjonen, SOLAS, COLREG, MLC, MARPOL, ISM-koden og ISPS-koden, Paris MoU osv.
Den sentrale norske lova kor internasjonale reglar er innarbeida i norsk rett, er skipssikkerheitslova av 2007 med forskrifter.
I undervisninga vil sentrale casar bli brukt for å kaste lys over innhaldet i regelverket: Helge Ingstad (2018), Bourbon Dolphin (2007), Sleipner (1999) og andre.
BAMM3005 Maritim jus er eit valemne, og det er ikkje avgjort om dette emnet vil gå studieåret 2024/2025.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale tema, regelverk og juridisk metode innanfor fagområdet maritimt regelverk, som Skipssikkerhetsloven med forskrifter og sentrale internasjonale konvensjonar utarbeida av IMO, ILO og EU, som SOLAS, STCW, MARPOL, MLC, ISM-koden og ISPS-koden, Paris MoU mv.
- forstår korleis det internasjonale regelverket er innarbeida i og gjennomførd i norsk rett.
- kan oppdatere kunnskapen sin innan maritimt regelverk.
- har kunnskap om regelverkets historiske utvikling og plass i sjøretten og sjøfarten.
Ferdigheiter
Studenten
- kan finna, vurdera og henvisa til maritimt regelverk og fagstoff og framstilla dette slik at det løyse ei problemstilling i tråd med juridisk metode.
- er i stand til å bruka regelverket på aktuelle problemstillingar.
- kan tolka og forstå rettsbestemmelsar.
- kan bruka slike bestemmelsar på konkrete, føreliggjande sakar i tråd med juridisk metode.
- kjenner til kva sertifikat og dokument som skal vera om bord etter norsk rett og internasjonale konvensjonar, korleis sertifikat kan skaffast og gyldigheita deira.
- kan reflektera over eigen fagleg utøving og justera denne under rettleiing.
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante problemstillingar knytt til maritimt regelverk.
- kan håndtera den teoretiske kunnskapen om maritimt regelverk i praktiske situasjonar.
- kan forhalda seg til nasjonalt og internasjonalt maritimt regelverk om bord på skip, i landorganisasjonen, men òg som myndigheitsperson.
- kan utveksla synspunkt og erfaring med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Emnet er del av ei spesielt tilrettelagt overgangsordning frå 2-årig maritim teknisk fagskule til bachelorgrad. Innhald og oppbygning er basert på denne føresetnaden, samt ønskemål fra representantar frå maritim industri.
Elles:
Kunnskap om og erfaring frå arbeid med Safety Management.
Kjennskap til og forståing for maritime operasjonar i praksis.
Kjennskap til jus, samt norsk og/eller internasjonalt maritimt regelverk, som sjørett.
Undervisnings- og læringsformer
Samlingsbasert undervisning
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Mappeeksamen. Mappa har to mappeelement som begge må få bestått.
Karakterskala A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle tilgjengelege hjelpemidlar
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB2019 - Maritimt regelverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- NABP3003 - Sjørett - Reduksjon: 5 studiepoeng