Hopp til innhald

BARN210 Arbeid med tiltak i barnevernet

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Dette emnet bygger vidare på tema i BARN200. Avgjerdsprosessar og omsorgsvurderingar i barnevernstenesta. Emnet har fokus på dei komplekse faglege og etiske vurderingar barnevernstenesta må gjere ved val av tiltak for eit barn og i oppfølginga av tiltaka. Sentrale tema i emnet er vurdering av omsorgsovertaking, arbeid med å fremje sak for barneverns -og helsenemnda, og dokumentasjon av plan- og evalueringsarbeid i hjelpe- og omsorgstiltak. Vidare; barnevernets ansvar for plasseringar utanfor heimen særleg fosterheim, ettervern, og betyding av tverrfagleg samarbeid i dette.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har brei kunnskap om muntleg og skrifteleg sakshandsaming etter lov om barnevernsstenester når det gjelder omsorgsovertaking, flyttingar, val og oppfylging av tiltak, gjenforening, tilbakeføring og adopsjon.
  • har kunnskap nasjonalt og globalt om vald og overgrep mot barn og konsekvensar for barns utvikling.
  • har brei kunnskap om barnevernets ansvar for oppfølging av barn og foreldre etter omsorgsovertaking og etter plassering som hjelpetiltak (barn som er plassert i fosterheim og institusjon.)
  • har brei kunnskap om fosterheim som tiltak.
  • har kunnskap om meistrings- og endringsprosessar for barn og foreldre.
  • har brei kunnskap om ungdoms overgang til voksen og barnevernets ansvar for barnevernstiltak 18-25 år (ettervern).
  • har kunnskap om digital sakshandsaming i barnevernet og bruk av sosial mediar i kontakten med barn og familie.
  • ha kunnskap om media si rolle i det barnevernsfaglege feltet, og ha kjennskap til media som både informasjonskanal og debattkanal.

Ferdigheiter: Studenten..

  • kan skrive saksframlegg til barneverns- og helsenemnda, inkludert grunngi forslag til omsorgsovertaking av barn og andre avgjersler som vert tatt av barneverns- og helsenemnda.
  • kan utforme journalar og skriftlege planer for barnet, i samarbeid med barnet, familien og andre relevante instansar på tvers av kontekster og ulike kulturar.
  • kan anvende et fleirfagleg kunnskapsgrunnlag basert på nasjonal og internasjonal forsking og gjere vurderingar av barnets beste i val og evaluering av tiltak.
  • kan reflektere kritisk over etiske dilemma knytt til omsorgsovertaking og flyttingar.
  • kan ha samtaler med barn om utfordrande tema, barnet si historie, identitet og barnevernet sine avgjersle.

Generell kompetanse: Studenten..

  • har brei kunnskap om korleis møte barn og foreldre i en sårbar situasjon på en respektfull måte og legge til rette for medverknad og samarbeid.
  • kan formidle og fagleg begrunne, både skriftleg og munnleg val og avgjerder om å sette i verk tiltak og evaluere desse.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå 1.semester (BARN100, BARN110 og BARN120) og BARNP1 må vere bestått for å starte 2. studieår. I tillegg må studenten ha opparbeida eksamensrett i emne BARN200.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet vert det studentaktive undervising- og arbeidsformer både individuelt og i grupper, som bruk av video/skjermforelesing, filmar, jobbing med kasus, samt refleksjons oppgåver. Andre undervisingsformar er møter med brukargrupper og praksisfeltet, studiebesøk og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening knytt til: sakshandsaming etter lov om barnevernstenester når det gjeld omsorgsovertaking, flyttingar, val av tiltak og barnevernstenesta si oppfølging av desse, samt tilbakeføring, adopsjon og ettervern
  2. Skrive et saksframlegg til barneverns- og helsenemnda.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i tre semester.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 5 dagar. Omfang 3000 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A-F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BS5-201 - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng