Hopp til innhald

BARNP1 Praksis - miljøterapeutisk arbeid

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld fire veker rettleia miljøterapeutisk praksis i barnehage eller skule. I praksistida skal studentane samhandle med barn, øve seg i førebyggande arbeid og gjennomføre eit aktivitetsopplegg saman med barn og unge.

Som alternativ til praksis i barnehage eller skule kan studentane søkje på Nattergalen - mentorskap i ein fleirkulturell kontekst, og vere mentor for eit barn i alderen 8-12 år. Nattergalen vert gjennomført ved fast samvere mellom studenten og barnet i 3 timar kvar veke i perioden oktober - mai. For at praksisperioden skal verte godkjent vert det stilt krav om minimum 25 treff mellom mentor og mentorbarn i praksisperioden. I tillegg er det obligatoriske gruppesamlingar knytt til aktivitetsplanlegging, individuell rettleiing og grupperettleiing. Ved brot på mentorpraksis vert det gjort individuelle vurderingar for vidare praksis.

For å bli godkjent som mentor må studentane må studentane gjennomføre eit intervju.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har kunnskap om korleis miljøarbeid og miljøterapi kan brukast som arbeidsform med barn og unge
  • har kunnskap om korleis bruke aktivitetar i miljøterapeutisk arbeid med barn og unge

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan gjennomføre aktivitetar med barn og unge slik at det fremjar leik, læring, inkludering, meistring og deltaking
  • kan kommunisere og samarbeide med barn og unge slik at deira rettar til deltaking og medverknad vert ivaretekne.
  • kan bruke førebyggjande og helsefremjande arbeid på arenaer der barn og unge oppheld seg

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan bruke kunnskap, ferdigheiter og erfaringar til å møte barn og unge med forståing, empati og anerkjenning.

Krav til forkunnskapar

Eksamensrett i BARN100, BARN130 og BARN140.

Undervisnings- og læringsformer

Undervising og former for læring vekslar mellom førelesing, gruppearbeid og praktiske aktivitetar.

I praksis skal studentane gjennomføre ein aktivitet med eit barn eller gruppe med barn. Studenten skal i tillegg delta i det daglege arbeidet ved praksisplassen. Det skal leveras skriftleg praksisrapport etter praksisperioden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er krav om 80% frammøte på før- og etterpraksseminaret.

Studentar som har hatt Nattergalen som praksis skal delta kun på etterpraksisseminaret

Etter praksisvekene skal det leverast praksisrapport på 1500 ord (+/- 10 %).

Praksisrapporten skal medverke til at studenten reflekterer over gjennomføring av aktivitetsopplegg og eiga læring i praksisperioden.

Ved ikkje godkjent skriftleg obligatorisk læringsaktivitet kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisvurderinga frå praksisrettleiar, samt godkjend praksisrapport.​

Retningslinjene knytt til arbeidstid på praksisplassen er 4 veker praksis, ordinær arbeidsveke (37 1/2 t pr. veke).

For studentar som har Nattergalen-praksis, vert det stilt krav om minimum 25 treff mellom mentor og mentorbarn i praksisperioden. I tillegg er det krav om 90% frammøte i obligatoriske gruppesamlingar knytt til aktivitetsplanlegging, individuell rettleiing og grupperettleiing.

For å få greidd praksis, må studenten nå læringsutbytte og oppfylle krav til 90 % frammøte i praksis, jfr. Forskrift om studium og eksamen ved HVL

Praksis vert vurdert til bestått/ ikkje bestått.

Når studenten får praksis vurdert til ikkje bestått, må heile praksisperioden takast på nytt. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel