Hopp til innhald

KASP540 Praksisstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksisemnet utgjer 12 veker obligatorisk klinisk praksis på 40 timar per veke på godkjend, relevant praksisstad med tilgang til kvalifiserte rettleiarar.

Timane omfattar tid til førebuing, teoretisk fordjuping og skriftlege oppgåver knytt til klinisk praksis.

Praksisvekene skal delast på fleire relevante praksisstader for å sikre at læringsutbytte blir oppnådd. Praksisen kan vere på eigen arbeidsplass eller på andre godkjende praksisstader.

I samarbeid med studieprogramansvarleg, skal det utarbeidast ein individuell plan for praksisen. Planen skal innehalde ei oversikt over kvar praksisen skal gjennomførast, og ein plan for korleis læringsutbyttet skal oppnåast.

Dei følgjande læringsområda inngår i emnet:

  • systematiske kliniske undersøkingar
  • sjukepleiarprosessen på avansert nivå: planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pleie, omsorg og behandling for aktuelle pasient- og brukargrupper i alle aldrar
  • samarbeid med pasientar, brukarar og pårørande med vekt på ressursar, moglegheiter og meistring
  • samhandling og koordinering, tverrfagleg, tverrprofesjonelt og tverrsektorielt
  • undervisning eller rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer eller studentar

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har inngåande kunnskap om korleis ein sikrar heilskaplege pasientforløp på ein god måte
  • har inngåande kunnskap om smittestoff, smitterisiko, og infeksjonsførebyggjande tiltak
  • har inngåande kunnskap om palliasjon gjennom heile sjukdomsforløpet

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan gjennomføre systematiske kliniske undersøkingar på pasientar i alle aldrar og bruke relevante, standardiserte kartleggingsverktøy for å identifisere, vurdere og analysere klinisk helsetilstand og teikn til endring
  • kan analysere samansette pasientsituasjonar for å kunne planleggje og gjennomføre heilskapleg sjukepleie, sikre nødvendig helsehjelp og foreslå oppfølgingstiltak i samarbeid med andre faggrupper
  • kan analysere behov for, og setje i verk, helsefremjande, førebyggjande og meistringsstøttande tiltak
  • kan handtere akutte og langvarige helseproblem på ein sikker og trygg måte i samarbeid med andre profesjonar og tenester
  • viser forståing for kompleksiteten i brukarmedverknad og sikre auka brukarmedverknad i tenestene
  • kan rettleie og undervise personell og studentar i komplekse pasientsituasjonar

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan nytte kunnskapane og evnene som blir kravde i yrkesrolla som avansert klinisk allmennsjukepleier, til å ta avgjerder om sjukepleietiltak, gjennomføre sjukepleietiltak, anten åleine eller i samarbeid med andre, og følgje opp etter at diagnostikk og behandling er fastsett
  • kan kommunisera om faglege problemstillingar med legar, anna helsepersonell og andre faggrupper for å bidra til forsvarlege og kvalitativt gode helse- og omsorgstenester for pasientar og brukarar
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å leie team, koordinere team og arbeide effektivt i team, ha god forståing for grensene for eigen kompetanse, ha innsikt i andre profesjonar og sektorar sin kompetanse og vita når andre profesjonar skal involverast
  • kan medverke til at pasientar, brukarar, pårørande og den enkelte sitt sosiale nettverk blir involverte, og bidra til å sikre samar sin rett til språkleg og kulturelt tilrettelagde tenester
  • nytte kunnskapsbaserte og helsepedagogiske metodar for å undervise og rettleie pasientar, brukarar og pårørande på ein måte som er tilpassa deira helsekompetanse, for å støtte pasientane i å ta velinformerte avgjerder som fremjar meistring, funksjon og livskvalitet

Krav til forkunnskapar

  • KAS500 Avansert allmennsjukepleie til pasientar med akutte og kritiske helseproblem
  • MAMET1SKA Vitenskapsteori, etikk og metode
  • KAS510 Avansert allmennsjukepleie til pasientar med langvarige og samansette helseproblem
  • KAS520 Leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon

Undervisnings- og læringsformer

  • 30 timar rettleia praksis per veke
  • 10 timar sjølvstudium per veke
  • Skriftlege oppgåver
  • Praksisseminar
  • Innlevering av vurderingsdokumentasjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan fremstille seg til praksisstudiene:

1. Individuell plan for praksis.

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan fremstille seg til avsluttande vurdering:

2. Fire skriftlege oppgåver med utgangspunkt i pasientkasus frå praksis som også tek utgangspunkt i læringsutbytte i emnet. Tre oppgåver på inntil 1500 ord og ein på inntil 2500 ord.

3. Innlevering av vurderingsdokumentasjon.

Vurderingsform

Vurderinga er firedelt og alle fire delar må vere bestått for at emnet skal vere bestått:

Del 1: Praksis i akutte tenester. (2 veker)

Del 2: Praksis innen tenester for barn og unge. (2 veker)

Del 3: Valfri praksis (kan også inngå i ein av dei andre delane). (2 veker)

Del 4: Praksis i sjukeheim, heimebaserte tenester eller primærhelseteam. (6 veker)

Vurderingsuttrykk

Del 1, del 2, del 3 og del 4 av eksamen blir vurdert til bestått / ikkje bestått

Ny eksamen

Ved ikkje bestått eksamen på ein av delane (del 1, del 2, del 3 og del 4) må studenten gjere nytt forsøk på denne delen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel