Hopp til innhald

MGBNOS201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet utgjer dei andre 15 sp. av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på mellomsteget gir eit grunnlag for norskundervisning på trinn 5-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinnet
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis, og kjennskap til nokre av minoritetsspråka i Noreg
  • har kunnskap om tekstar for barn og unge med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk, bokmål og i omsetjing, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om gjeldande læreplan, læringsressursar, nasjonale prøver og kartleggingsprøver for trinn 5-7

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid
  • kan gjere greie for fagdidaktiske val som fremjar dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar på mellomtrinnet
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa, blant anna for elevar med lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk
  • kan lese, tolke og analysere ulike tekstar for barn og bruke kunnskap om dette i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere munnleg aktivitet i klasserommet
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
  • meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
  • kan lese tekstar på nabospråka svensk og dansk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • er merksam på mangfaldet i elevgruppa og kan tilpasse undervisinga og gjere greie for fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBNO101/MGBNOS101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. I desse må studentane syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst ein av læringsaktivitetane skal handle om den andre lese- og skriveopplæringa, og ein skal vere knytt til forskingsmetode, primært tekstanalyse. Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Oppgåvetekst og formelle krav til dei einskilde læringsaktivitetane vert delt ut ved oppstart av semesteret.

Det er obligatorisk oppmøte på samlingar, i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fraværsgrense er 20%. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk, tale og skrift.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjente til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Mappevurdering. Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel