Hopp til innhald

MIDR401 Perspektiv på bevegelse

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir innsikt i ulike perspektiv på bevegelse frå ulike fagtradisjonar. Bevegelse blir i emnet omhandla som kunnskap om fysisk aktivitet, læring og trening i ulike kontekstar som fritid, oppvekst og utdanning.

Emnet tek opp teoriar, omgrep, problemstillingar og praktiske døme som omhandlar kva det betyr å vere i bevegelse, og korleis ulike personar lærer i bevegelse. Ulike sider ved å vere i bevegelse, samt korleis og kvifor det kan vere gunstig for prestasjon, folkehelse og kroppsleg læring, blir belyst gjennom kvantitative og kvalitative perspektiv. Eit gjennomgåande fokus vil vere korleis ein kan fremje bevegelse i ulike kontekstar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om korleis ein kan forstå og studera bevegelse frå kvalitative og kvantitative perspektiv
  • har spesialisert kunnskap om bevegelse frå ulike fagtradisjonar
  • kan vurdere betydinga av bevegelse i ulike kontekstar på individ- og samfunnsnivå
  • kan analysere forholdet mellom teoretisk og praktisk kunnskap knytt til bevegelse

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og vurdere vitskapleg arbeid og andre informasjonskjelder relevante for bevegelse i ulike kontekstar
  • kan vurdere relevans og nytte av ulike målemetodar og evalueringsformer av bevegelse frå ulike perspektiv

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutere sentrale perspektiv på- og problemstillingar knytt til bevegelse med både ekspertar og allmenta
  • kan utvikla sjølvstendige spørsmål og hypotesar om fysisk aktivitet, læring og trening i ulike kontekstar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som seminar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, fagfellearbeid og individuelt fordjupingsarbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Aktiv deltaking på obligatoriske seminar der studentane legg fram og drøftar fagartiklar, arbeider i testlaboratorium eller sal og fungerer som fagfelle på medstudenttekst. Seminara er knytt til læringsutbytta om å analysere og vurdere vitskapleg arbeid, vurdere nytte av målemetodar og evalueringsformer av bevegelse, samt å kunne diskutere sentrale perspektiv på bevegelse.
  2. Ei individuell skriftleg innlevering over sjølvvalt og godkjent problemstilling (8-10 sider) knytt til begge læringsutbytta under generell kompetanse, der studentane både skal kunne utvikle sjølvstendige spørsmål og hypotesar, samt diskutere sentrale perspektiv om trening, fysisk aktivitet og læring i ulike kontekstar.
  3. Ein presentasjon i gruppe over eit oppgitt tema (20 min. presentasjon med diskusjon etterpå). Presentasjonen er knytt til læringsutbyttet om å kunne diskutere sentrale perspektiv på- og problemstillingar knytt til bevegelse med både ekspertar og allmenta. For å presentere og leie ein diskusjon, vil alle læringsutbytta knytt til kunnskap og ferdigheiter vere sentrale.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.

Eksamen inneheld ein fagleg samtale kring den skriftlege innleveringa i emnet (obligatorisk læringsaktivitet 2) (vekta 40%) og ein fagleg samtale kring trekt problemstilling (vekta 60%).

Det blir gitt 30 minutt førebuingstid etter at studenten har trekt problemstilling.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel