MS1-320 Folkehelse og helsefremming
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tek for seg ulike perspektiv på folkehelse og helsefremmande arbeid. Det vert fokusert på kunnskap om folkehelsevitskapen, den internasjonale, nasjonale og lokale folkehelsepolitikken og det befolkningsretta folkehelsearbeidet. Vidare vert det fokusert på strukturelle faktorar som har innverknad på folkehelsa og forsking om folkehelse og helsefremmande arbeid. Emnet vektlegg øving i å analysere folkehelseutfordringar på samfunns-, gruppe-, familie- og individnivå, stille kritiske spørsmål om folkehelsearbeid, identifisere dilemma innan dette arbeidet, utarbeide relevante forskingsproblemstillingar og stille kritiske spørsmål til forsking om folkehelse og helsefremmande arbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten har..
- inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helse, funksjonsevne og sosial situasjon.
- inngåande kunnskap om ulike velferdsmodellar.
- inngåande kunnskap om ulike perspektiv, tilnærmingar og verkemiddel knytt til folkehelse og helsefremmande arbeid på system-, gruppe og individnivå.
- avansert kunnskap om helsefremmande faktorar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå og samspelet mellom dei.
- avansert kunnskap om salutogene teoriar og relevant salutogenese forsking.
Ferdigheiter: Studenten kan...
- identifisere og diskutere ulike perspektiv på helse, funksjonsevne og sosial situasjon.
- iverksette helsefremmande og førebyggande tiltak på individ og gruppenivå.
- analysere sentrale politiske, økonomiske og juridiske føringar for folkehelsearbeidet i offentleg verksemd og det sivile samfunn.
- gjera pedagogiske og etiske vurderingar ved å arbeide ut i frå helsefremmande orientering i folkehelsearbeid.
- kritisk vurdere føresetnadar og tilnærmingar til samhandling i folkehelsearbeidet og drøfte sentrale problemstillingar innan folkehelse, helsefremmande arbeid og samhandling.
Generell kompetanse: Studenten kan...
- kritisk reflektere over strategiar, mål og verkemiddel knytt til folkehelse og helsefremmande arbeid.
- iversette folkehelse- og helsefremmande arbeid for å fremme sosial likskap.
- kritisk vurdere bruk av salutogenese i praktisk helsefremmande arbeid og forsking.
- bruke vitskapleg litteratur om folkehelse og helsefremmande arbeid for å belyse ei fagrelevant problemstilling.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, sjølvstudium og gruppearbeid. Seminar med framlegg og diskusjon.
Mesteparten av emnet er nettbasert. Det vil også vere inntil to fellesamlingar på campus, med inntil to dagar kvar gong.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studentane kan fremstille seg til eksamen.
- Ei individuell innleveringsoppgåve med obligatorisk munnleg framlegg, medstudent respons og tilbakemelding frå lærar. Omfang inntil 2500 ord.
Vurderingsform
Heimeeksamen Individuell heimeeksamen over 7 dagar med eit omfang på inntil 3500 ord.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.
Ny eksamen Gjennomføres som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel