Hopp til innhald

MSB103 Forbrukaradferd

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er utforma for å setje studentane i stand til å forstå kvifor folk kjøper det dei kjøper, og kva som påverkar forbruket deira. Forbruk er ein så stor del av samfunnet at vi ofte er ubevisste på kor stor innverknad det har på livet vårt. I dette emnet ser vi på forbrukaråtferd gjennom ein sosialpsykologisk tilnærmingsmåte, med døme frå marknadsføring og forbrukarforsking, og vi utforskar dei potensielt komplementære erfaringane til enkeltforbrukaren, forbrukskultur og marknadsføring.

Emnet dekkjer følgjande tema:

  • Menneske som forbrukarar: Framveksten og utviklinga av forbrukarsamfunnet og -kulturen
  • Konsumenten si avgjerdstaking: Val og forbruk av produkt
  • Samtidsmodellar for forbrukaråtferd
  • Oppfatningar, læring, og kognisjon
  • Motivasjon, personlegdom, livsstilar og verdiar
  • Sjølvet, sjølvbilete og det utvida sjølvet
  • Haldningar og overtydande kommunikasjon
  • Kva inntekt og sosial klasse har å seie
  • Påverknad fra familie, grupper, sosialt miljo og sosiale medium
  • Etisk og Grønn forbrukerisme
  • Kva innverknad kulturen har på forbrukaråtferd og subkulturelt forbruk

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter avslutta emne vil studenten

  • ha avansert kunnskap om marknadsføring og spesialisert innsikt i forbruk i samfunnet, prosessane med spreiing av nyskapingar og relatert forbrukaråtferd
  • kunne ta i bruk forbrukarteori på nye område innanfor marknadsføring og økonomi
  • ha djupnekunnskap om kva faktorar som påverkar forbrukaråtferd i ulike tilfelle, kontekstar og samanhengar.
  • kunne analysere problem i marknadsføringsinnovasjon på grunnlag av historie, tradisjonar, særpreg og lokalisering i samfunnet til forbrukaren.

Ferdigheiter

Etter avslutta emne vil studenten

  • kunne analysere og sjå kritisk på ulike kjelder om forbrukardata og bruke dei til å strukturere og formulere vitskapleg argumentasjon
  • kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar på feltet, og arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem
  • ha ei solid forståing av kor viktig forbrukaråtferd er for verksemder, dei som arbeider med marknadsføring, og dei som driv med innovasjon i marknaden
  • kunne bruke relevante forskingsmetodar og forsking på ein sjølvstendig måte
  • kunne gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med dei normene for forskingsetikk som gjeld for forbrukaråtferd.

Generell kompetanse

Etter avslutta emne kan studenten

  • ta i bruk dagens tenking om forbrukaråtferd
  • gi råd og rettleiing om kva konsekvensar ulike marknadstaktikkar vil ha i ein bestemt forbrukskontekst
  • analysere relevante akademiske, profesjonelle og forskingsetiske problem
  • formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre språket og terminologien på forbrukarforskingsfeltet
  • kommunisere om akademiske utfordringar, analysar og konklusjonar på feltet, både med spesialistar og eit allment publikum
  • bidra til ny tenking og innovasjonsprosessar innanfor kritisk forbrukarteori og forbrukaråtferd

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studentane må ha grunnleggjande kunnskap om marknadsføring, som dei har oppnådd gjennom å bestå eit introduksjonsemne i marknadsføring på bachelorprogrammet.

Undervisnings- og læringsformer

Læringsformene på emnet er ein kombinasjon av forelesingar, problemløysing, diskusjonar om artiklar/døme og øvingar i seminar. Det er forventa at studentane deltek i individuelle presentasjonar og gruppepresentasjonar av litteraturen i emnet, diskusjonar om døme/artiklar og seminar.

Det skal skrivast ei semesteroppgåve i grupper på maksimalt tre personar, og denne oppgåva vil utgjere 60 prosent av karakteren. Eit forslag til idear for oppgåva skal sendast inn i starten av emnet og drøftast med den emneansvarlege før ein set i gang. Det er eit mål at gruppeoppgåva skal kunne sendast til ein konferanse eller eit tidsskrift når ho er ferdig. I oppgåva kan studentane sjå nærare på éin eller fleire teoriar, korleis teoriane er utvikla, litteraturen og bruken som har vakse fram basert på dei, og kva status dei har i samtida, men studentane kan også utvikle andre idear. Det vil bli halde jamlege seminar for å diskutere framdrifta med oppgåvene. Det er sterkt tilrådd å leggje fram forslag til oppgåve og diskutere skriveprosessen i seminara, slik at ein kan dele idear og perspektiv med dei andre.

Ein individuell slutteksamen vil bli halden når emnet er ferdig, og denne vil utgjere dei siste 40 prosentane av karakteren. Kurset blir gjennomført på engelsk, og alle kurs arbeid og eksamenar skal leverast på engelsk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane vil få i oppdrag å lesa ei rekkje vitskaplege artiklar i løpet av kurset. Dei vil bli pålagde å senda inn å levera ein kritisk gjennomgang av ein artikkel frå ulike temaområde, og ein munnleg presentasjon. Gjennomgangen og presentasjon bør gjerast i grupper på maksimalt tre, med karakteren godkjent/ikkje godkjent. Godkjenning av arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne ta slutteksamenen.

Vurderingsform

1. Individuell skriftleg eksamen 5 timer - 40 %

2. Oppgåve i grupper på 2 - 3 studentar - 60 %

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

1. Ingen hjelpemiddel

2. Alle fysiske trykte og skriftlege hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel