SDG230 Rettferdig fordeling og rettferdig skatt
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er del av Høgskulen på Vestlandet sitt SDG initiativ: Kunnskap om etikk og berekraftig utvikling.
Rettferdig fordeling handlar om fordeling av goder. Skatt er pengar individ må betale til staten for forskjellige formål. Eit slikt formål er å omfordele goder for å oppnå det samfunnet oppfattar som rettferdig fordeling. Skatt er eit svært omstridt tema kor både ekspertar og folk flest har svært forskjellige oppfatningar.
I emnet presenterer vi forskjellige rettferdsteoriar og knyt desse til diskusjonar om rettferdig skatt. Vi diskuterer libertarianisme, liberal egalitarianisme og liberal sosialisme. Desse teoriane har forskjellige oppfatningar av kva som bør skattleggast, kva som er riktig skattenivå, men også om skatten bør vere proporsjonal eller progressiv, og om skatt bør brukast for å påverke borgerane si adferd, for eksempel til å redusera utslepp. Vi diskuterer desse spørsmålene og tar også opp spesifikke debattar om selskapsskatt, inntektsskatt, skatt på arv, formueskatt og andre skattar.
Empirisk ser vi på det norske skattesystemet og samanliknar dette med skattesystema i Storbritannia og USA. Avslutningsvis diskuterer vi også spørsmål om skatt i ein internasjonal kontekst. Skatteparadis utgjer ein trussel for nasjonale myndigheter si evne til å realisera samfunnets rettferdsideal ved hjelp av skatt. Vi diskuterer nyare forslag til korleis skattesmutthull kan lukkast for å realisera nasjonalstatenes autonomi.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten får
- Generell oversikt over omgrep og kontroversar i teoriar om rettferdig fordeling
- Forståing av viktige spørsmål og dilemma om skatt
- Ein brei forståing av forskjellige skattemekanismer og forholdet mellom desse
- Ein brei forståing av FNs bærekraftmål nr. 10.
Ferdigheter
Studenten får
- Evne til å identifisera og ta stilling til forskjellige teoretiske posisjonar og måtar å argumentera på om rettferdig fordeling og rettferdig skatt
- Mer generelt ei evne til å ta informert stilling til ein av dei viktigste debattene i samtida
- Evne til å identifisera relevant litteratur om rettferdig fordeling og skatt
Kompetanse
Studenten får
- Evne til å vurdera relevansen av omgrep og posisjonar i litteraturen om rettferdig fordeling og rettferdig skatt og knyte desse til samtida sine politiske kontroversar
- Evne til å vurdere forskjellige måter argument om rettferdig fordeling og rettferdig skatt blir presentert på
- Evne til å forstå sentrale delar av skattesystemet og til å forstå dette systemet si betydning for individ og bedrifter.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og seminar
Obligatorisk læringsaktivitet
1 Gruppeessay og 1 individuelt essay
Vurderingsform
Individuell skoleeksamen 5 timar
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel