Hopp til innhald

ØKB3118 Rekneskapsteori

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir basis for å reflektere over sentrale deler av det teoretiske fundamentet for finansregnskapet, og tar opp sentrale begreper, prinsipper og regler i norsk god regnskapsskikk (GRS) og internasjonale regnskapsstandarder (IFRS). Emnet bygger på studentenes kunnskaper fra tidligere regnskapskurs, men tar i større grad utgangspunkt i grunnleggende teori, og trekker samtidig paralleller mellom norsk regnskapsregulering og IFRS-regelverket, herunder de ulike konseptuelle rammeverkene som ligger til grunn for de ulike regnskapsspråkene GRS og IFRS.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • har forståing for og kan reflektere over brukergruppene sine informasjonsbehov og behov for rekneskapsregulering
  • har forståing for og kan reflektere over resultat- og balanseorientering
  • har forståing for og kan reflektere over det konseptuelle rammeverket til IFRS
  • har forståing for og kan reflektere over det teoretiske grunnlaget for dei grunnleggande rekneskapsprinsippa og god rekneskapsskikk
  • har forståing for og kan reflektere over internasjonal rekneskapsutvikling, reguleringsorgan m.v.
  • har kjennskap til skilnaden mellom bedriftsøkonomisk teori og føresetnadane for finansrekneskapen

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte kunnskapen på praktiske rekneskapsproblemstillingar

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor
  • kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar
  • kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng

Krav til forkunnskapar

BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rettleiing knytt til oppgåvene i mappa i plenum eller individuelt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering av arbeidsmappe

Vurderingsform

Mappevurdering, 100 %.

Mappa består av ei arbeidsmappe på ti oppgåver og ei vurderingsmappe beståande av tre studentvalde og tre lærervalde oppgåver frå arbeidsmappa.

Fristar for innlevering av arbeidsmappe og vurderingsmappe blir oppgitt i kursplanen på Canvas.

Gradert A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel