Hopp til innhald

ØMF191 Bacheloroppgåve - Økonomi og administrasjon - Rekneskap

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Innhold og oppbygging

Bacheloroppgåva skal vere eit fagleg fordjupande arbeid med utgangspunkt i ei problemstilling frå privat eller offentlig verksemd eller fordjuping i eit relevant teoriområde.

Bacheloroppgåvene blir skrivne i grupper på 3-4 studentar. Grupper på 1-2 eller meir enn 4 studentar kan bli akseptert etter godkjenning av skriftleg begrunna søknad sendt til emneansvarleg.

Rettleiar og studentar er ansvarlege for at bacheloroppgåvene blir skrivne i henhald til HVL sine forskningsetiske retningslinjer og dei krav om personvern som følgjer av personvernforordningen GDPR (General Data Protection Regulation av juli 2018), inkludert skriftleg samtykke-erklæring underteikna av deltagarar i undersøkingar.

Opphavsrett

Bacheloroppgaven eigast av studenten sjølv og HVL. Rettleiarar eller andre kan difor ikkje påleggje studenten offentliggjering ved bibliotek, internett eller andre stadar, i trykt eller elektronisk form utan studenten og eventuelt ekstern kontakt sitt samtykkje.

Klausulering av bacheloroppgaver

Dersom ekstern samarbeidspartner ønskjer delar av eller heile oppgåver unnateke offentlegheit blie det underteikna ein eigen avtale om dette mellom instituttet og ekstern part. Eiget skriv om klausulering er utarbeida ved instituttet.

Læringsutbytte

Etter gjennomført bacheloroppgave vil studenten:

  • Ha kunnskaper og ferdigheiter om forskningsdesign og gjennomføring av eit fagleg analysearbeid i samarbeid med andre
  • Kunne vurdere ulike kjelder, nytte desse og referere etter anerkjente standardar
  • Kunne kritisk reflektere over funn i analysene
  • Kunne dokumentere og rapportere i henhald til anerkjente standardar
  • Kunne kommunisere og presentere eit fagleg arbeid til andre

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha bestått minst 97,5 studiepoeng før oppstart av femte semester for å få skrive bacheloroppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Alle bachelorgruppene blir tilbydd 5-10 timar veiledningsmøte. Studentane kan som minimum vente seg 4 veiledningsmøte. Møta baserar seg på skriftleg inngått veiledningsavtale (se eige skjema) og «Krav til innhold og form» som er utarbeidd på HVL og instituttet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande arbeidskrav inngår:

  • Plakat etter oppgjeven mal

Innhald og tidsfristar blir oppgitt av fagkoordinatorer på fordypningene og emneansvarlege.

Plakat er berre gyldig i det semesteret bacheloroppgåva leverast i.

Vurderingsform

Gruppebasert skriftleg bacheloroppgåve blir karaktersatt separat før justerande munnleg eksamen. Både skriftleg og munnleg del må vere bestått for å bestå emnet. Sensur gjennomførast av to sensorar, ein av desse må vere ekstern.

Innleveringsfrist for bacheloroppgåva blir publisert på Studentweb og via digitalt eksamenssystem, Wiseflow.

Karakteren på skriftleg bacheloroppgåve registrerast i Wiseflow av sensorane og blir formidla til studentane seinast 24 timer før munnleg eksamen.

Sluttkarakteren på bacheloroppgåvene er identisk med karakteren som framgår av eksamensprotokoll for "justerande munnleg". Alle karakterane blir registrert av sensorane i Wiseflow. Sluttkarakteren etter munnleg eksamen blir sett individuelt for det enkelte gruppemedlem. Karakterer kan differensierast mellom gruppemedlemma.

Tid og stad for munnleg eksamen blir oppgitt i Canvas på dei ulike fordjupningane.

Karakteren på bacheloroppgåva kan etter munnleg eksamen bli justert opp eller ned éin karakter. Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Underkjent bacheloroppgåve

Studentar som har fått stryk på bacheloroppgåve kan levere ny og forbetra versjon i løpet av kommande semester. Forbetra versjon kan berre leverast éin gong.

Klage på karakter

Sjå HVL sine retningslinjer og eiget skjema for klagehandsaming

Hvis klagekommisjonen endrer karakteren på skriftleg bacheloroppgåve med meir enn éin karakter skal medlemma av ny og gammel kommisjon møtast for å bli einige om karakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen ved munnleg eksamen.

Meir om hjelpemiddel