ØSS112 Finans
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Hovudmålet med dette emnet er å gi studentane innsikt i bedrifters investerings- og finansieringsavgjerder og teorien som ligg til grunn for desse avgjerdene. Kurset vil ôg ta for seg ulike typar finansielle marknader og aktivum, og prising av nokre slike aktivum. Uvisse og handtering av uvisse vil vere eit særleg sentralt tema i kurset. Det blir lagt opp til ein veksling mellom teoretisk og empirisk fokus, og kurset dekkjer eit forholdsvis breitt spekter av finansielle emne, men kvantitative metodar vil stå sentralt gjennom heile kurset.
Innhald
- Risiko og kapitalkostnad
- Finansieringsavgjerder og markedseffisiens
- Utbyttepolitikk og kapitalstruktur
- Opsjonar
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter å ha fullført kurset skal studenten:
- Ha kunnskap om korleis kapitalmarknadene fungerer
- Ha kunnskap om korleis ulike aktiva vert prisa, og kva eigenskapar ulike aktiva har, til dømes i forhold til risikoprofil
- Ha kunnskap om det teoretiske grunnlaget for nokre sentrale økonomiske avgjerder
Ferdigheiter
Etter å ha fullført kurset skal studenten:
- Kunne berekne verdien på nokre typar finansielle aktiva, og dermed avgjere kva aktiva som bør kjøpast/seljast
- Kunne berekne kapitalkostnad i nokre ulike situasjonar, og dermed avgjere korleis investeringar bør finansierast
- Kunne nytte dataprogram, til dømes Excel, for å strukturere finansielle avgjerdsproblem
Generell kompetanse
Etter å ha fullført kurset skal studenten:
- Vere i stand til å reflektere kritisk over sentrale modellar og forutsetningar for desse, til dømes knytt til marknadseffisiens og rasjonalitet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kurset byggjer på fleire tidlegare kurs i bachelorstudiet, spesielt BØA111 Matematikk, BØA115 Statistikk, BØA203 Mikroøkonomi og BØA204 Investering og finansiering. Kurset byggjer ikkje direkte på øvrige spesialiseringsfag.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesninger og sjølvstendig arbeid med teori og oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 5 timer. Eksamen kan bli avhalden på digitalt eksamenssystem.
Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Formelsamling lagt ved eksamensoppgavene.
Alle kalkulator-modellar er tillatt, med følgjande unntak:
- kalkulatoren skal ikkje ha moglegheit for mottak/sending
- kalkulatoren skal ikkje kunne behandle symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koplas til strøm
- kalkulatoren må ikkje lage støy.