ØKB3117 Vidaregåande finansrekneskap
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi studentane ei fordjuping i dei mest sentrale utfordringane med innrekning, måling og presentasjon ved avslutning av årsrekneskapen i samsvar med god rekneskapsskikk. Hovudfokus vil vere å vidareutvikle innsikt i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk med vekt på NRS standardane i samband med utarbeiding av årsrekneskapen. Fordjuping i enkelte emne som til dømes skatt, anleggskontraktar og leigde driftsmiddel, og innføring i konsernrekneskap.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten:
- Har inngåande kunnskap om innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane og grunnleggande rekneskapsprinsipp
- Har innsikt i rekneskapsreglene for små føretak
- Kjenner til rekneskapsreglar for ideelle organisasjonar
- Kjenner til dei mest sentrale forskjellane mellom rekneskaps- og skatteregler
- Kjenner til regelverket for noter og årsberetning
Ferdigheiter:
Studenten:
- Kan avslutte ein årsrekneskap, inklusiv skattepostar og resultatpostar, for AS
- Kan utarbeide ein enkel konsernrekneskap
Generell kompetanse:
Studenten:
- Kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
- Kan tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor og kunnskap om andre områder innan faget
- Kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar
Krav til forkunnskapar
BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
BØA204 Investering og finansiering eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, oppgåveløysing i plenum og rettleiing i tilknyting til individuell eller gruppevis oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Individuell digital heimeeksamen, 7 dagar, 30%
Individuell digital skoleeksamen, 4 timar, 70%.
Begge delene må bestås
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Individuell digital heimeeksamen og skuleeksamen: Alle hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel