PPUY308 Praksis 2
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Hovudtema i andre praksisemne er skulen som organisasjon, og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Studenten skal og vidareutvikle sin kompetanse frå fyrste studieår; lærarrolla, læringsleiing, vurdering og yrkesfaglæraren si tilrettelegging for læring.
Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga og består av totalt 30 dagar rettleia og vurdert praksis. 10 dagar skal bli gjennomført i ungdomsskulen og 20 dagar i vidaregåande skule. I tillegg skal studentane delta på praksisførebuing i regi av HVL. Studentane skal gjere seg kjende med innhaldet i denne emneplanen og retningslinene for praksisstudiet på nettsida for praksis.
Læringsutbytte
Ved fullført praksisemne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Ferdigheiter og kunnskapar
Studenten
- kan samarbeide med elevar og aktuelle samarbeidspartnarar
- kan utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø
- kan rettleie elevane i å ta vidare utdanningsval frå ungdomstrinnet til fag- og yrkesopplæring
- kan bidra til at faga vert praksisretta gjennom elevane sine interesser og yrkesretta i samarbeid med andre faglærarar i skulen
- har kunnskap om fleirkulturelle læringsarenaer
- kan møte elevar ut frå deira individuelle og kulturelle føresetnader og utvikle medansvar i ein demokratisk læringsorganisasjon
- kan bruke formålsparagrafen i opplæringslova i det daglege lærararbeidet
- kan stå fram som rollemodell i skolen og på andre aktuelle arenaer
- kan argumentera for sitt eige pedagogiske grunnsyn i samtale med praksislærar og profesjonsrettleiar
- kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Krav til forkunnskapar
- PPUY305 Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv.
- PPUY307 Praksis.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I byrjinga av praksisperioden skal studenten observere undervisninga til praksislærar og eventuelt bli involvert som medlærar når praksislærar eller andre har undervisningsansvaret. Vidare skal studenten sjølvstendig planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervisning. Så langt det er mogleg følgjer studenten arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar. Dette inkluderer teamarbeid, møter, skule-heim-samarbeid og andre relevante arbeidsoppgåver.
Etter avtale med praksislærar skal studenten levere planleggingsdokument når studenten har ansvar for undervisningsøktene. Praksislærar skal få planleggingsdokumenta i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing i forkant av undervisningsøkta.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal gjennomføra og få godkjend følgjande obligatoriske læringsaktivitet i emnet:
- Studenten skal levere tre av dei nemnde planleggingsdokumenta på HVL sin læringsplattform.
Vurderingsform
Obligatorisk 30 dagar rettleidd og vurdert praksis, fordelt på to delpraksisar (100% oppmøtekrav).
To delvurderingar: bestått/ikkje bestått.
- 10 dagar i ungdomsskule
- 20 dagar vidaregåande skule
Begge delpraksisane må vere beståtte for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein delpraksis, kan denne takast opp att åleine.
Samla sluttkarakter: bestått/ikkje bestått.
Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultatet i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel