Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag | deltid

Årsstudium

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei lærarutdanning for deg som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise i eit fag du allereie har utdanning i. Dette er ei samlingsbasert utdanning for deg som har yrkesfagleg bakgrunn, enten i form av eit fag-/svennebrev eller ei profesjonsutdanning frå høgskule eller universitet, og relevant arbeidserfaring.

Stord, Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Relevant yrkesretta bachelorgrad
    • To år yrkespraksis (tilsvarande fulltid)

    eller

    • Relevant fagbrev, sveinebrev eller treårig yrkesutdanning frå VGS
    • Generell studiekompetanse
    • To år yrkesteoretisk utdanning
    • Fire år yrkespraksis (tilsvarande fulltid)

    Utdanning og praksis må vere relevant for fagprofilen du søker opptak til.

    Yrkespraksis er arbeidserfaring innan yrket du er utdanna til. Arbeid som lærar dekkjer ikkje kravet.

    Yrkesteoretisk utdanning skal bygge på fag-/sveinebrevet ditt og vere på høgare nivå enn vidaregåande skule, f.eks. fagskule eller høgare utdanning.

    Sjå opptak til PPU for informasjon om realkompetanse.

     

    Poenggrense ved forrige opptak

    • Poenggrenser:

      Helse- og oppvekstfag, Bergen: 27,14

      Samtlege andre fagprofilar: Alle kvalifiserte

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor velge PPU?

    Behovet for lærarar er stort. Denne utdanninga gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke med god startløn. Som lærar får du ein meningsfylt, variert og sosial arbeidskvardag der du kan bruke mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fodjupe deg i spanande fagområder og ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.

    Du kan ta PPU for yrkesdag ved campus Stord, campus Sogndal og campus Bergen.

    Studieprogrammet tek utgangspunkt i ei forståing av profesjonskompetanse som inkluderer yrkesdidaktiske, pedagogiske og etiske kunnskapsformer. Det består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng yrkesdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

    • Leiing av læreprosessar
    • Skulen i samfunnet 

    Vi har opptak i alle fagprofilar for PPUY

    2024-kullet kan velje mellom desse fagprofilane

    • Bygg- og anleggsteknikk
    • Elektro- og datateknologi
    • Helse- og oppvekstfag
    • Naturbruk
    • Restaurant- og matfag
    • Teknologi- og industrifag
    • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
    • Salg, service og reiseliv
    • Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
    • Håndverk, design og produktutvikling

    Alle fagprofilar vert tilbydd både ved campus Bergen og campus Stord.

    Kva lærer du?

    Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Gjennom ei forskande tilnærming til lærestoffet, tileignar du deg viktige ferdigheiter, erfaringar og kunnskapar.

    Utdanninga følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.

    Spørsmål og svar om PPU for yrkesfag

    Kan eg undervise i andre fag enn det eg tar i PPU?

    Etter fullført PPU-Y har du undervisingskompetanse frå 8. trinn og oppover. Då er hovudregelen at du må ha 60 stp innan fagområdet du vil undervise i. Det er arbeidsgjevar som vurderer denne kompetansen. Sjå UDIR for meir informasjon om lærarkompetanse.

    Kan eg ta PPU i fleire undervisingfag?

    Ved HVL kan du kun få opptak til ein didaktisk profil. Dersom du er kvalifisert for fleire enn eitt undervisingsfag, må du prioritere retninga du ønsker mest i søknaden din.

    Kva er yrkesteorietisk utdanning?

    Yrkesteoretisk utdanning er ei fagleg fordjuping som er relevant for fag/sveinebrevet ditt, tatt på eit høgare nivå enn VGS. Det kan eksempelvis vere relevant fagskule- eller høgare utdanning. To år tilsvarar 120 studiepoeng. Les meir om kravet her.

    Kva er yrkespraksis?

    Med yrkespraksis meiner vi relevant arbeidserfaring innan yrket du er utdanna til. Praksis blir rekna frå den dagen du har fullført og bestått fagprøve eller profesjonsretta bachelorgrad. Arbeid på deltid blir rekna om til heiltid. Les meir om kravet her.

    Spørsmål om søknadsprosess og opptakskrav

    Har du spørsmål om opptakskrav, poengutrekning, dokumentasjon eller utdanning frå utlandet. Svar på desse spørsmåla finn du på denne sida:

    Opptak til PPU - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

    Praksis i PPU

    Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar, fordelt på begge studieåra. Du tileignar deg praktisk erfaring med pedagogisk teori og yrkesdidaktiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet. Slik legg studiet til rette for at dei pedagogiske, yrkesdidaktiske og praktiske elementa gjensidig kan utfylle kvarandre i kvalifiseringa til læraryrket.

    Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein yrkesfaglærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå Høgskulen på Vestlandet deltar. Dersom du allereie arbeider i skulen, kan inntil halvparten av praksisopplæringa gjennomførast på eigen arbeidsplass.

    Her finn du informasjon om praksis og praksisperiodar.

    Samlingsdatoar 2024-2025

    Samlingsdatoar 2024-2025, Stord

    Samlinger

    Hausten 2024

    5.-6. september
    17.-18. oktober
    21.-22. november

     

    Våren 2025

    16.–17. januar
    6.–7. mars
    10.-11. april

     

    Eksamen

    8.–9. mai

    Samlingsdatoar 2024-2025, Bergen

    Samlinger

    Hausten 2024

    5.-6. September
    3.-4. Oktober
    7.-8. November

     

    Våren 2025

    9.-10. januar
    6.-7. februar
    6.-7.mars

    Eksamen
    23., 24. og 25. april

    Samlingsdatoar 2024-2025, Sogndal

    Samlinger

    Hausten 2024

    18.-19. september
    16.-17. oktober
    27.-28. november

    Våren 2025

    22.-23. januar
    5.-6. mars
    9.-10. april

    Eksamen

    14 og 15. mai

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.