Lærarstudent og elevar brukar mikroskop

Praksis i praktisk-pedagogisk utdanning

I løpet av PPU-utdanninga skal du gjennomføre praksis som utgjer 60 dagar. Heiltidsstudiet går over eit år, medan deltidsstudiet er toårig.

Tildeling av praksisplass

PPU deltid Sogndal, Stord, Bergen

HVL inngår formell avtale om praksis med den enkelte praksisstad. Dersom du har fått innvilga tilrettelegging vil HVL ha dialog med deg i samband med tildeling av praksisplass.  

Vi har som mål at du som student på deltid, skal få gjennomføre praksis i dagpendlaravstand til/frå heimstaden din dersom dette let seg gjennomføre (inntil 1,5 timar reisetid kvar veg).

Du kan ikkje ha nære relasjonar til praksislærar eller gjennomføre praksis i ein klasse der du har eigne barn.

Praksisadministrasjonen gjennomfører ei spørjeundersøking ved semesterstart der du som student må svare innan gitt frist. Her får du komme med forslag til praksisstad. Tilgangen til praksisplassar er avhengig av kapasiteten skulane har, samt tilgangen på kvalifiserte praksislærarar. Du er difor ikkje garantert praksisplass på eit av forslaga.

HVL skaffar praksisplassar

HVL skaffar praksisplassar i følgjande kommunar: Bergen, Sotra, Askøy, Os, Osterøy og samarbeidsskular i gamle Sogn og Fjordane. Studentar skal ikkje ta kontakt med skular i desse områda.

Studentane skaffar praksisplass sjølv

Utanfor områda ovanfor finn studentane praksisplass sjølve. Studenten brukar då informasjonsbrevet frå HVL som ligg i Canvas. Brevet skal sendast til leiinga ved aktuell praksisskule. Rektor/leiing fyller ut og signerer brevet. Deretter lastar studenten utfylt brev opp i Canvas for godkjenning av praksiskoordinator før praksis kan starte. Dette gjeld også ved praksis på eigen arbeidsstad.

Dersom du som student møter på utfordringar i arbeidet med å skaffe praksisplass, vil praksiskoordinator vere behjelpeleg.

For studentar som jobbar i skulen (grunnskule eller vidaregåande)

Du kan gjennomføre ein praksisperiode på eigen arbeidsplass, jfr. Rammeplan for PPU.

Om du ønsker praksis på eigen arbeidsplass, må du kontakte praksiskoordinator snarast for å avklare om dette let seg gjere. Ved godkjenning brukar studenten informasjonsbrevet frå HVL som ligg i Canvas. Brevet skal sendast til leiinga ved aktuell praksisskule. Rektor/leiing fyller ut og signerer brevet. Deretter lastar studenten utfylt brev opp i Canvas for godkjenning av praksiskoordinator før praksis kan starte.

Praksis skal vere rettleia og vurdert . Sjå retningslinjene for innhald i praksis.

PPU heiltid Sogndal

HVL inngår avtalar med praksisskular

HVL inngår avtalar med praksisskular og praksisadministrasjonen fordeler plassar til studentane. Vi har avtalar/samarbeid med praksisskular i det som tidlegare var Sogn og Fjordane fylke, samt nokre skular i Hallingdal.

Faste avtaler med praksisinstitusjonar vil først bli nytta ved tildeling. Vi inngår i tillegg midlertidige avtalar med nye praksisstadar ved behov. Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten skulane har meldt inn, samt tilgangen på kvalifiserte praksislærarar.

Studentar må rekne med å bu vekke frå Sogndal i praksisperiodane.

Slik vert praksisplassane fordelt

Fordeling av praksisplassar skjer utifrå ei heilskapleg vurdering i klassen der vi tek omsyn til følgande:

Vi gjer merksam på at

Du kan ikkje ha praksis på ein skule der du er tilsett. Du kan ikkje ha nære relasjonar til praksislærar eller gjennomføre praksis i ein klasse der du har eigne barn. Dersom du får tildelt en skule/klasse der dette er tilfelle, ta kontakt med praksisadministrasjonen. 

Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiet. I praksisperioden skal du gjennomføre fulle arbeidsdagar på praksisstaden.

Seks veker haustpraksis vert gjennomført i grunnskulen, og seks veker vårpraksis vert gjennomført i vidaregåande skule.

Praksislister

Praksiskoordinator publiserer praksislister over studentar og praksisplassar i Canvas før kvar praksisperiode.

Førebuing til praksis

Dette må du gjere før praksis - viktig bakgrunnsinformasjon

Lese informasjonen på denne nettsida. Informasjonen rettar seg mot studentar, praksislærarar, rektorar og fagtilsette ved HVL.

  • Lese emneplan for praksis og gjere deg kjent med studieplanen.
  • Delta på obligatoriske praksisførebuande møte. 
  • Ta kontakt med praksislærar i god tid før praksis startar.

Gjennom teori- og praksisopplæring skal studentane bli kjent med dei utfordringane og krav som vert stilt til ein lærar.

§ 1 i Forskrift om rammeplanen skal sikre at: «institusjonene tilbyr praktisk-pedagogisk utdanning som er profesjonsrettet og basert på forsknings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap. Utdanningen skal ha høy faglig kvalitet og skape helhet og sammenheng mellom fagstudier, pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring. Utdanningen skal forholde seg til opplæringsloven og gjeldende læreplaner for grunnopplæringen».

Nedanfor finn du nasjonale og lokale føringar for praksis: 

Tidspunkt for praksisperiodar og møte 2022-2023

PPU for allmenne fag, heiltid campus Sogndal

Hausten 2022

30 dagar praksis grunnskule veke 42-47

Praksisførebuande møte veke 40: 5.oktober klokka 15:00-16:00

Våren 2023

30 dagar praksis vidaregåande skule veke 5-11 (vinterferie veke 8)

Praksisførebuande møte veke 3: 18.januar klokka 15:00-16:00

PPU for allmenne fag, deltid campus Sogndal og Stord

Detaljert plan for oppmøte i praksis vert utarbeid i samarbeid mellom student og praksislærar.

1. studieår:

30 dagar praksis ved same vidaregåande skule

  • Praksisførebuande møte veke 42 - 18. oktober kl. 15:00-16:30
  • Hausten 2022: 15 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44
  • Våren 2023: 15 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 12 

2. studieår:

30 dagar praksis ved same grunnskule

  • Praksisførebuande møte veke 42 - 19. oktober kl. 15:00-16:30
  • Hausten 2022: 15 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44
  • Våren 2023: 15 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 12

PPU for yrkesfag, deltid campus Stord, Bergen og Sogndal

Detaljert plan for oppmøte i praksis vert utarbeid i samarbeid mellom student og praksislærar.

1. studieår:

30 dagar praksis ved same vidaregåande skule.

  • Praksisførebuande møte veke 42 - torsdag 20. oktober klokka 15:00-16:30
  • Hausten 2022: 15 dagar mest mogleg samanhengande frå veke 44
  • Våren 2023: 15 dagar mest mogleg samanhengande innan veke 12 

2. studieår:

10 dagar ungdomsskulepraksis hausten 2022

  • Praksisførebuande møte veke 43
    • Stord: tysdag 25. oktober klokka 15:00-16:30
    • Bergen: onsdag 2. november klokka 15:00
  • Praksis veke 45-46

20 dagar praksis ved vidaregåande skule våren 2023

  • Praksisførebuande møte veke 2 - tysdag 10.januar klokka 15:00-16:30
  • 20 dagar mest mogleg samanhengande veke 3-12

Aktørar og ansvarsforhold i praksisopplæringa

Studenten sitt ansvarsområde

Studenten skal:

  • Ha kunnskap om innhaldet i rammeplan, retningslinjer for praksis, emneplanar og studieplan for praktisk-pedagogisk utdanning
  • Ha ansvar for å orientere seg om dei retningslinjene som gjeld i læraryrket (instruks, lover, føresegner og gjeldande planar)
  • Delta på obligatoriske praksisførebuande møte
  • Ta kontakt med praksislærar i god tid før praksisperioden og lage planar før den tek til
  • Følgje dei aktivitetane og arbeidsoppgåvene som er ein del av ein lærar sin kvardag, inkludert deltaking i teamarbeid, møte, utviklingsarbeid og skule-heim-samarbeid.
  • Ha ansvar for førebuing til undervisning, gjennomføring av undervisning og etterarbeid
  • Delta aktivt i rettleiingssamtalar med praksislærar
  • Syte for at praksis ikkje samanfall med undervisning/samling i regi av HVL
  • Levere inn planleggingsdokument i god tid før undervisninga etter avtale med praksislærar
  • Signere sluttvurderinga når praksis er gjennomført
  • Laste opp sluttvurdering i Wiseflow innan tidsfristen

Praksisskulen sitt ansvarsområde

Praksisansvarleg/rektor skal:

  • Sjå til at praksisopplæringa er i samsvar med rammeplan, retningslinjer, emneplanar og studieplan for praktisk-pedagogisk utdanning
  • Signere avtale om praksisopplæring før praksis startar
  • Sjå til at studenten får mest mogleg praksis i opptaksfaget og at praksisopplæringa er rettleia og vurdert
  • Sjå til at studentane får forsvarlege arbeidstilhøve på skulen, og at dei blir inkluderte i skulen sitt personale og arbeidsmiljø
  • Syte for at oppfølginga av studenten blir teke vare på dersom praksislærar er vekke i ein kortare periode
  • Syte for kvalifisert vikar for praksislærar ved lengre fråvær, og gi beskjed til praksiskoordinator ved HVL i slike tilfelle
  • I samarbeid med praksislærar vurdere om skulen bør sende tvilsmelding om skikkaheit til HVL
  • Delta på praksisførebuande møte i regi av HVL
  • Signere sluttvurderinga til studenten når praksis er gjennomført
  • Sende inn refusjonskrav til HVL
  • Oppmuntre praksislærar til å gjennomføre vidareutdanning i praksisrettleiing på minst 15 studiepoeng, dersom praksislærar ikkje har slik utdanning frå før

Praksislærar skal:

• Ha kunnskap om innhald i rammeplan, retningslinjer, emneplanar, nettside for praksis og studieplan for praktisk-pedagogisk utdanning
• Koordinere praksisopplæringa slik at studenten får rettleiing i førebuingsarbeid, undervising og etterarbeid
• Syte for at studenten får følgje dei aktivitetane og arbeidsoppgåvene som er ein del av ein lærar sin kvardag, inkluder deltaking i teamarbeid, møte, utviklingsarbeid og skule-heim-samarbeid
• Sikre at praksisopplæringa er rettleia, vurdert og variert
• Gjennomføre ein individuell samtale ca. midtvegs i praksisperioden, og skrive undervegsvurdering i forkant eller etterkant av denne samtalen
• Følgje opp rutinar ved varsel om fare for ikkje bestått praksis
• Ha ansvar for vurdering av studenten i samarbeid med profesjonsrettleiar frå HVL og leiinga ved praksisskulen
• I samarbeid med praksisansvarleg/rektor vurdere om det bør sendast tvilsmelding om skikkaheit til HVL
• Delta på praksisførebuande møte i regi av HVL
• Om fleire praksislærarar deler ansvaret for ein student, må dei syte for eit godt samarbeid rundt organisering, rettleiing og vurdering av studenten
• Levere og signere skriftleg sluttvurdering til studenten ved sluttsamtale før avslutning av praksis. I sluttvurderinga skal også studenten sin signatur vere inkludert, samt underskrift frå leiinga på praksisskulen

HVL sitt ansvarsområde

Høgskulen på Vestlandet sitt ansvarsområde

  • Programansvarleg ved praktisk-pedagogisk utdanning har fagleg ansvar for praksisopplæringa
  • Programansvarleg og praksiskoordinator har ansvar for å informere om praksisopplæringa

Profesjonsrettleiar skal:

  • Følgje opp enkeltstudentar i praksis
  • Kontakte praksislærar i rimeleg tid før praksisbesøket
  • Planlegge og gjennomføre praksisbesøk. Studentane skal som hovudregel få eit fysisk praksisbesøk i studieløpet så langt det lar seg gjere. I tillegg kjem digital oppfølging.
  • Ved praksisbesøket kan profesjonsrettleiar vere til stades i undervisninga som observatør, rettleie etter behov og ønskje, og ha samtale med studenten/studentane og praksislærar
  • Delta på praksisførebuande møte i regi av HVL
  • Syte for at studentane er førebudd til praksis ved å synleggjere praksisrelaterte og didaktiske sider i undervisninga ved HVL
  • Bidra i rettleiing og vurdering av studentar i samarbeid med praksislærar
  • Følgje opp rutinar ved varsel om fare for ikkje bestått praksis på sine studentar
  • Registrere «Bestått» / «Ikkje bestått» på sluttvurderinga i Wiseflow
  • Vurdere om det bør sendast tvilsmelding om skikkaheit til HVL

Praksiskoordinator skal:

  • Informere studentane om organiseringa av praksis
  • Gjere avtale med praksisskular om praksisplassar for studentar
  • Sende ut informasjon om praksisførebuande møte til praksisskulane
  • Planlegge og gjennomføre praksisførebuande møte i samarbeid med fagmiljøet
  • Ha kommunikasjon med praksisskulane
  • Følgje opp rutinar for varsel om fare for ikkje bestått praksis og skikkavurdering
  • Syte for at praksisskulane er kjend med gjeldande planar og retningslinjer for praksisopplæringa og rutinar for studentoppfølging og skikkavurdering

Omfang og organisering

Praksis, undervisning og oppmøte

Studenten skal ha fulle arbeidsdagar tilsvarande ei 100% lærarstilling. Rektor/praksislærar og student avtalar når studenten skal vere til stades på skulen. Studenten må vere førebudd på at noko av for- og etterarbeid knytt til praksis må gjerast utanom ordinær arbeidstid.

Praksis vert gjennomført  individuelt eller i grupper. Studentar i grupper skal samla ha ansvar for undervisningstimane. Studentane har då same praksislærar og er i utgangspunktet saman i alle undervisningstimar. Fordelinga av ansvaret for undervisninga avtalast mellom studentane og praksislærar. Så langt det er mogleg, skal studentane ha ansvar for like mange undervisningstimar kvar. Den studenten/studentane som ikkje har hovudansvar, skal framleis vere til stades i undervisningstimen, til dømes som med-lærar.

PPUA heiltid

Praksis skal i hovudsak gjennomførast i opptaksfaget til studenten. I tillegg må studenten vere førebudd på å undervise i andre fag enn opptaksfaget i løpet av praksisperioden. Praksisoppfølginga skal bli gjort av ein praksislærar, men ved særskilt behov kan det opnast for at studenten kan ha fleire praksislærarar. Det er ikkje mogleg å bytte praksisplass i løpet av ein praksisperiode. Studenten skal i løpet av studiet ha to praksisperiodar. Begge praksisperiodane skal gjennomførast på eitt studieår med ein praksisperiode i haustsemesteret og ein i vårsemesteret. Studiet består av ein praksisperiode i vidaregåande skule og i grunnopplæringa (5.-10.trinn).

Første og andre praksisperiode

Studenten skal:

  • Ha 30 dagar praksis i kvar praksisperiode. Det er det same som 6 fulle arbeidsveker.
  • Ha observasjonspraksis første veka (5 dagar). I dialog mellom student og praksislærar kan studenten og starte med undervisning i løpet av første veke.
  • Delta i undervisning i minst 50 klokketimar i løpet av 25 dagar. I snitt vil det bety at studenten deltar i 2 klokketimar med undervisning kvar dag i praksis. Studentane observerer, er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av dei 25 dagane. For å sikre progresjon i praksisopplæringa, er det naturleg at studentane går frå å undervise med påhøyr av praksislærar og eventuelle medstudentar til å vere åleine i undervisinga.
  • Ta del i det som skjer utanom undervisningstimane i løpet av ein praksisdag. Dette kan for eksempel vere; observasjon (i klassen/klassane du er i praksis i), planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.

PPUA deltid

Praksis skal i hovudsak gjennomførast i opptaksfaget til studenten. I tillegg må studenten vere førebudd på å undervise i andre fag enn opptaksfaget i løpet av praksisperioden. Praksisoppfølginga skal bli gjort av ein praksislærar, men ved særskilt behov kan det opnast for at studenten kan ha fleire praksislærarar. Det er ikkje mogleg å bytte praksisplass i løpet av ein praksisperiode. Studenten skal i løpet av studiet ha to praksisperiodar. På deltid vil studenten gjennomføre ein praksisperiode (30 dagar) per studieår. Ein praksisperiode vil vere i vidaregåande skule, den andre i grunnopplæringa (5.-10.trinn). For studentar med fagbakgrunn i utøvande kunstfag kan inntil 50 prosent av praksis vere i kulturskulen og inngå i kravet om 60 dagar. Studentar som er tilsett i skulen kan ha praksis ved eigen arbeidsplass i ein av praksisperiodane i løpet av studiet.

Første og andre praksisperiode

Studenten skal:

  • Ha 30 dagar praksis i kvar praksisperiode. Det er det same som 6 fulle arbeidsveker.
  • Ha observasjonspraksis første veka (5 dagar). I dialog mellom student og praksislærar kan studenten og starte med undervisning i løpet av første veke.
  • Delta i undervisning i minst 50 klokketimar i løpet av 25 dagar. I snitt vil det bety at studenten deltar i 2 klokketimar med undervisning kvar dag i praksis. Studentane observerer, er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av dei 25 dagane. For å sikre progresjon i praksisopplæringa, er det naturleg at studentane går frå å undervise med påhøyr av praksislærar og eventuelle medstudentar til å vere åleine i undervisinga.
  • Ta del i det som skjer utanom undervisningstimane i løpet av ein praksisdag. Dette kan for eksempel vere; observasjon (i klassen/klassane du er i praksis i), planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.

PPUY deltid

Praksis skal gjennomførast i vidaregåande skule på yrkesfag, i hovudsak i opptaksfaget (studieretninga) til studenten. Studenten må vere førebudd på å undervise i alle kompetansemål i programfaga.

Praksisoppfølginga skal blir gjort av ein praksislærar, men ved særskilt behov kan det opnast for at studenten kan ha fleire praksislærarar. Det er ikkje mogleg å bytte praksisplass i løpet av ein praksisperiode. Studenten skal i løpet av studiet ha to praksisperiodar i vidaregåande og ein i ungdomsskulen. Studentar som er tilsett på ein vidaregåande skule kan ha praksis ved eigen arbeidsplass i ein av praksisperiodane i løpet av studiet.

Første praksisperiode i vidaregåande skule

Studenten skal:

  • Ha 30 dagar praksis i vidaregåande skule. Det er det same som 6 fulle arbeidsveker.
  • Ha observasjonspraksis første veka (fem dagar). I dialog mellom student og praksislærar kan studenten og gjennomføre undervisning i løpet av første veke.
  • Delta i undervisning i minst 50 klokketimar i løpet av 25 dagar. I snitt vil det bety at studenten deltar i 2 klokketimar med undervisning kvar dag i praksis. Studentane observerer, er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av dei 25 dagane. For å sikre progresjon i praksisopplæringa, er det naturleg at studentane går frå å undervise med påhøyr av praksislærar og eventuelle medstudentar til å vere åleine i undervisinga.
  • Ta del i det som skjer utanom undervisningstimane i løpet av ein praksisdag. Dette kan for eksempel vere; observasjon (i klassen/klassane du er i praksis i), planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.

Andre praksisperiode i vidaregåande skule

Studenten skal:

  • Ha 20 dagars undervisningspraksis i vidaregåande skule. Det er det same som 4 fulle arbeidsveker.
  • Delta i undervisning i minst 40 klokketimar i løpet av 20 dagar. I snitt vil det bety at studenten deltar i 2 klokketimar med undervisning kvar dag i praksis. Studentane observerer, er medlærarar, har ansvar for deler av økt og etter kvart heile økta i løpet av perioden. For å sikre progresjon i praksisopplæringa, er det naturleg at studentane går frå å undervise med påhøyr av praksislærar og eventuelle medstudentar til å vere åleine i undervisinga.
  • Ta del i det som skjer utanom undervisningstimane i løpet av ein praksisdag. Dette kan for eksempel vere; observasjon (i klassen/klassane du er i praksis i), planleggingsarbeid, vurderingsarbeid, teamarbeid, planleggingsdagar, foreldresamtaler, elevsamtaler.

Ungdomsskulepraksis 

10 dagar av praksisperioden skal gjennomførast på ungdomstrinnet. Ungdomsskulepraksisen er rammeplanfesta, og formålet med denne er todelt. 

  1.  For det første skal studentane bli kjend med utdanningstrinnet og ungdomsskulen sin eigenart. Studenten får innsikt i korleis ungdomsskulen fungerer som organisasjon gjennom å observere undervisning, delta i skulen sitt indre liv (lærarsamarbeid, vakt i friminutt, møter, gjennomføring av spesielle opplegg, pedagogisk utviklingsarbeid, vere medlærar osv.). Dette skal bidra til erfaringsbasert kunnskap om elev-, undervisnings- og  læringsmangfaldet, og overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule.  
  2. Sjølv om denne praksisen i hovudsak er ein observasjonspraksis, er det ynskjeleg at skulane nyttar studentane sin praksisnære og yrkesfaglege kompetanse inn mot ungdomsskulefaga. Det kan til dømes gjerast avtale mellom praksislærar og student, der studenten får undervise fag som er relevant for deira fag/yrkesbakgrunn. Ein sjukepleiar kan til dømes undervise i førstehjelp,  eller informere om sitt yrke i utdanningsval. Undervisninga kan gjerne knytast til faga utdanningsval, arbeidslivsfag, valfag eller til yrkesretta opplæring i fellesfag. 

Studenten/studentgruppa skal skrive ein observasjonsrapport/ feltrapport etter gjennomført praksis i ungdomsskulen. Ein tek utgangspunkt i eit tema av spesiell interesse; t.d. tilpassa opplæring, spesialundervisning, einskilde fag (utdanningsval, arbeidslivsfag, valfag, osv.), arbeidsmåtar, vurderingsordningar, læremiddel, bruk av IKT i undervisnings –og læringsarbeid, sosiale media, yrkesretting i fag, lekser, prøvar, klasseleiing.  

Rettleiing i praksis

Studenten skal i løpet av kvar praksisperiode ha rettleiing av praksislærar. Oversikta nedanfor viser tal timar praksislærar får betalt for. Dette arbeidet inkluderer for- og etterarbeid, rettleiing, vurdering og evaluering. Har studenten fleire praksislærarar skal dei dele rettleiingstimane mellom seg.

PPUA og PPUY 1.studieår (30 dagar praksis)

  • 1 student 40 timar
  • 2 studentar 50 timar
  • 3 studentar 60 timar

PPUY 2.studieår (20 dagar praksis vgs)

  • 1 student 30 timar
  • 2 studentar 40 timar
  • 3 studentar 50 timar

PPUY 2.studieår (10 dagar ungdomsskulepraksis)

  • 1 student 7 timar
  • 2 -3 studentar 10 timar
  • 4-5 studentar 15 timar

MOSO - rettleiingsverktøy

MOSO er ein programplattform (kan lastast ned som app) som kan brukast til planlegging, observasjon og rettleiing i praksis. Student(ar), praksislærar og faglærar frå HVL kan saman bruke programmet i rettleiingsprosessen. På denne sida kan du lære om MOSO, lage ein brukar og logge inn: https://www.hvl.no/alu/programvare-og-tjenester/moso/

Eventuelle aktivitetar i praksis

Dersom det vert arrangert skulerelaterte aktivitetar som praksislærar/praksisskule meiner ikkje fell under vanleg undervisning, men som dei ønskjer studenten skal delta på, kan dette gjerast i avtale med studenten. Døme på slike aktivitetar kan vere planleggingsdagar, utflukter, idretts- og kulturarrangement eller anna aktivitet i regi av skulen. HVL dekker ikkje eventuelle ekstra utgifter for studentane i samband med dette Kontakt praksiskoordinator dersom noko må avklarast i samband med slike aktivitetar.

Vurdering av praksis

Om vurdering og innsending av vurderingsskjema

Praksislærar skal fylle ut skjema for undervegsvurdering, sluttvurdering og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis. Praksislærar går gjennom skjemaene i individuell rettleiingssamtale med studenten.

Studentane vert vurderte etter læringsutbyteformuleringane i emneplan for dei aktuelle studieåra. I tillegg er studentane under løpande skikkavurdering gjennom heile utdanninga. 

Undervegsvurderinga skrivast halvvegs i perioden (gjeld ikkje 10 dagar ungdomsskulepraksis på PPUY 2.studieår). Den er i utgangspunktet eit rettleiingsverktøy for korleis første halvdel av praksis har gått og kva studenten må arbeide vidare med siste halvdel. Vurderinga skal ikkje leverast til HVL. Dersom studenten går ut i permisjon sender praksislærar undervegsvurderinga til praksisadministrasjonen. Dei gjennomførte praksisdagane kan telje med dersom studiet blir tatt opp att. Undervegsvurderinga kan også brukast som dokumentasjon ved varsel om fare for ikkje bestått praksis.

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Skjemaet er berre til intern bruk. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her. 

Nedanfor finn du skjema som skal brukast ved dei ulike studieåra.

Skjemaer undervegsvurdering og sluttvurdering

Varsel om fare for ikkje bestått

Ved fare for ikkje bestått praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogeleg og seinast halvegs i praksisperioden. Deretter vert du kalla inn til rettleiingssamtale der praksislærar går gjennom kva du må forbetre for å bestå praksis. 

Skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis" (nynorsk)
Skjemaet "Varsel om fare for ikke bestått praksis" (bokmål)

  • Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått» i praksisperioden, må praksislærar kontakte fagleg kontaktperson for praksis og praksiskoordinator ved HVL i tillegg til eigen leiar.
  • Praksislærar og fagleg kontaktperson ved HVL held vidare kontakt etter behov gjennom praksisperioden.
  • Praksislærar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis».
  • Studenten får tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar om studenten ikkje består praksis. Praksislærar gjennomfører ein rettleiingssamtale med studenten for å gå gjennom varselet. Ut frå mål og læringsutbytte for perioden skal praksislærar forklare kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis . Fagleg kontaktperson og/eller praksiskoordinator ved HVL kan delta i samtalar med praksislærar og student ved behov.
  • Praksislærar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått» og eventuelt undervegsvurdering til HVL.
  • Praksiskoordinator ved HVL arkiverer varsel, eventuelt undervegsvurdering og referat frå samtalen mellom student, praksisstad og HVL.
  • Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv referat frå samtalane.

Ikkje bestått praksis

  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, fagleg kontaktperson og praksiskoordinator ved HVL.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator for vidare oppfølging.
  • Studenten lastar opp vurderinga i Wiseflow. I tillegg sender praksislærar vurderinga til HVL etter avtale med praksiskoordinator.
  • Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.
  • Praksiskoordinator legg skjema for sluttvurdering inn i det digitale arkivet til HVL.
  • Studenten vil få tilbod om å gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for progresjonen til studenten
  • Ny praksis blir normalt gjennomført med ny praksislærar på ein annan praksisskule. Studenten har rett på to forsøk på same praksisperiode i eit emne

Rutinar ved fråvær i praksis

Fråvær

Praksisopplæringa er obligatorisk. Sjå informasjon om krav til oppmøte

Alt gyldig fråvær må takast att for at studenten skal få oppfylt kravet om 60 dagar praksis. Dette gjeld uansett årsak til fråværet. Studenten skal ta igjen fråværet så snart som råd, etter avtale med praksislærar slik at kontinuitet og samanheng vert sikra. Er fråværet for stort til at praksis kan gjennomførast innanfor studieåret, må studenten ta delar av, eller heile praksisperioden, neste studieår. Ei slik utsetjing kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Ugyldig fråvær

Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær. Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er blant anna ikkje godkjent fråværsgrunn. Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis.  

Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje bestått praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært. 

Utsett praksis

Har studenten behov for å utsette praksisdagar til neste studieår, må studenten sende søknad til praksiskoordinator ved HVL om dette. Studenten må legge ved dokumentasjon på årsak til behovet for å utsette praksisdagar. Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig dokumentasjon og om dette gir rett  på å utsette praksisdagar. Ei utsetting av praksis kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Studieplanar og emneplanar

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis ønsker vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas. 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Ytterlegare informasjon til praksisfeltet

Avtalar og refusjon - prosedyrer

  • Skular hvor HVL ikkje har avtale: HVL sender lønnskontrakt direkte til praksislærar.
  • Gjelder skular HVL har avtale med: Skulen sender utfylt refusjonsskjema for godkjenning når praksisperioden til studenten(ane) er over. Du sender til praksiskoordinatoren frå det campuset du har hatt mest kontakt (kontaktinformasjon nedanfor).
  • Godkjent refusjonsskjema skal nyttast som billag til faktura
  • Skulen sender faktura på avtalt beløp til HVL. Faktura kan ikkje sendast i post/papirform.
    • E-fakturaadresse: 0192:917641404 Adressa støttar standarden PEPPOL BIS Billing 3.0.
    • Bestillarkode skal leggast i feltet «Kjøpers referanse/Deres referanse»
    • Faktura skal rettast til Høgskulen på Vestlandet
    • Dersom skulen ikkje har moglegheit til å sende faktura elektronisk, kan faktura sendast som eitt vedlegg i PDF-format til e-post: faktura@hvl.no 
    • Detaljert fakturainformasjon til leverandørar finn de her

Dette må alle kjenne til: