Hopp til innhald

ELE209 Styrt praksis

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Praksisen skal vere relevant for den studieprofilen studenten legg opp til, og skal byggje på det ingeniørfaglege, der studenten skal ta del i og få innsikt i bedrifta sine praktiske arbeidsoppgåver. Hen bør trekkast inn i faglege diskusjonar og vere til stades på konferansar, seminar, kurs m.m. Emnet er knytt opp mot berekraftmål 4, god utdanning.

Studenten er sjølv ansvarleg for å få eigna praksisplass. Praksisplassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen. Arbeidserfaring/praksis som er gjennomført før opptak til ingeniørutdanninga kan ikkje nyttast.

NB Kontakt emneansvarleg seinast semesteret før planlagt praksisperiode for å avtale detaljane.

Læringsutbytte

Kunnskap:

- Studenten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor eige fagområde, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor elektrofaget.

- Studenten kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter:

- Studenten kan anvende kunnskap og relevante resultat fra forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor elektrofaget og grunngje sine val.

- Studenten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeide i relevante laboratorium og beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevante instrument og programvare, som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.

Generell kompetanse

- Studenten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet, og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre

- Studenten har forståing av at tverrfaglegheit er nødvendig for gode systemløysingar.

- Studenten kan reflektere over eigen fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse eigen fagleg utøving til den aktuelle arbeidssituasjon

Krav til forkunnskapar

ELE141 og ELE142, eller ELE143 må være bestått.

Kandidaten må ha greidd minst 80 studiepoeng. Det kan søkjast om unnatak frå denne regelen.

Tilrådde forkunnskapar

Alle emne 1. og 2. år

Undervisnings- og læringsformer

Praksisperioden er på 270 arbeidstimar inkludert kring 40 timar til å skrive rapport og lage video. Studenten har ein rettleiar på praksisplassen som har minst mastergrad eller er ingeniør med lang erfaring, og ein kontakt på høgskulen. Det skal utarbeidast ein praksisrapport på 3000 ord i samarbeid med praksisverten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det skal førast dagbok, signert av arbeidsgjevar, som fortel kort om tidsbruk og arbeidsoppgåver, dag for dag. Det er krav om minst 90% oppmøte på arbeidsplassen, der eventuelt fråvære skal vere dokumentert. Praksisopphaldet skal presenterast munnleg i ein video med lengde kring 6 minutt.

Vurderingsform

Greidd/ikkje greidd basert på praksisrapport.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • OR2-301 - Styrt praksis - Reduksjon: 10 studiepoeng