KRO1003 Profesjonsfag: Lærarrolla og elevane si læring og utvikling
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Profesjonsfaget er eit verdi- og danningsfag og skal gje studenten identitet som lærar i skulen, og danne den lærarfaglege plattforma i utdanninga. Kjernen i profesjonsfaget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning, og skal ivareta samanhengen mellom praktiske og estetiske fagområde, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis.
I dette emnet står undervisningssituasjonen sentralt. Studentane skal opparbeide seg kunnskap om sosial, fagleg og personleg læring og utvikling, og få innsikt i korleis ein kan leggje til rette for gode læringsprosessar hjå elevane.
Sentrale tema i emnet er:
- Introduksjon til pedagogikk som fag - og forskingsfelt
- Læring, motivasjon og utvikling
- Didaktikk
- Lærarrolla og klasseleiing
- Mandat, verdigrunnlag og styringsdokument for grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om læringsteori og barn og unge si utvikling, danning og læring i ulike kontekstar, spesielt knytt til dei praktiske og estetiske faga sine formelle og uformelle praksisar
- har forskingsbasert kunnskap om klasseleiing, kva som skal til for å fremje eit godt læringsmiljø og kva som fremjar læring
- har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp
- har kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangar mellom ulike trinn
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, med kunnskap om til dømes mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring og undervisning
- kan samarbeide om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring
- kan analysere læreplanar og grunngje val av mål, innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer med utgangspunkt i pedagogisk og fagdidaktisk teori og praksis
- kan identifisere særskilte behov hjå barn og unge, mellom anna teikn på mobbing, seksuelle overgrep og vald
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere eigen og andre si undervisning med utgangspunkt i eksisterande rammefaktorar og gjeldande læreplanverk
- kan drøfte og vurdere profesjonsfaglege tema innan eige masterfag i lys av didaktisk og pedagogisk teori
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vil vere varierte og forskingsbaserte lærings- og undervisningsformer med vekt på studentaktivitet.
Gjennom arbeidet med emnet vil det vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege, organisert individuelt eller i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Eitt individuelt, skriftleg arbeid knytt til pedagogisk og fagdidaktisk grunnlag for eigen undervisningsplan
- Eitt munnleg eller digitalt arbeid i gruppe knytt til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel