Hopp til innhald

LUPEF103 Profesjonsfag: Lærarrolla og elevane si læring og utvikling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Profesjonsfaget er eit verdi- og danningsfag og skal gje studenten identitet som lærar i skulen, og danne den lærarfaglege plattforma i utdanninga. Kjernen i profesjonsfaget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning, og skal ivareta samanhengen mellom praktiske og estetiske fagområde, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis.

I dette emnet står undervisningssituasjonen sentralt. Studentane skal opparbeide seg kunnskap om sosial-, fagleg- og personleg læring og utvikling, og få innsikt i korleis ein kan leggje til rette for gode læringsprosessar hjå elevane.

Sentrale tema i emnet er:

  • Introduksjon til pedagogikk som fag - og forskingsfelt
  • Læring, motivasjon og utvikling
  • Didaktikk
  • Lærarrolla og klasseleiing
  • Mandat, verdigrunnlag og styringsdokument for grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om læringsteori og barn og unge si utvikling, danning og læring i ulike kontekstar, spesielt knytt til dei praktiske og estetiske faga sine formelle og uformelle praksisar
  • har forskningsbasert kunnskap om klasseleiing, kva som skal til for å fremje eit godt læringsmiljø og kva som fremjar læring
  • har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp
  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, og om overgangar mellom ulike trinn
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, med kunnskap om til dømes mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring og undervisning
  • kan samarbeide om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring
  • kan analysere læreplanar og grunngje val av mål, innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer med utgangspunkt i pedagogisk og fagdidaktisk teori og praksis
  • kan identifisere særskilte behov hjå barn og unge, mellom anna teikn på mobbing, seksuelle overgrep og vald

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere eigen og andre si undervising med utgangspunkt i eksisterande rammefaktorar og gjeldande læreplanverk
  • kan drøfte og vurdere profesjonsfaglege tema innan eige masterfag i lys av didaktisk og pedagogisk teori

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vil vere varierte og forskningsbaserte lærings- og undervisningsformer med vekt på studentaktivitet.

Gjennom arbeidet med emnet vil det vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege, organisert individuelt eller i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten skal kunne framstille seg til eksamen:

  • Eitt individuelt, skriftleg arbeid knytt til pedagogisk og fagdidaktisk grunnlag for eigen undervisningsplan
  • Eitt munnleg eller digitalt arbeid i gruppe knytt til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring
  • Eitt studentdrevet seminar knytt til læring og motivasjon

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Nærare retningslinjer for læringsaktivitet blir gitt ved semesterstart.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel