Hopp til innhald

MSB209 Avansert metode og forskningsdesign

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi kunnskap om forskingsdesign og metode som skal forberede studentane til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid - masteroppgåva. I emnet inngår grunnleggjande kunnskapar om vitskapsteori, forskingsdesign og innføring i kvalitative og kvantitative metodar. Emnet skal gi innsikt i sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar og kople desse opp mot vitskaplege metodar og metodeval. I denne delen inngår også etikk og refleksjonar knytt til forskingsetiske val og personvern. Studentane skal få innsikt i korleis å utarbeide eit forskingsdesign (forskingsproblem, utvalsstrategi og val av metode). Studentane får innføring i ulike metodar innan kvalitativ forsking, som etnografi, observasjon, intervju og intervjuteknikkar og kva som skapar grunnlag for forskingskvalitet i kvalitativ forsking. Det blir også gitt innsikt i casestudie-forsking. Vidare får studentane innføring i kvantitative metodar, som inkluderer deskriptiv analyse, estimering, regresjonsanalyse og hypotesetesting. Studentane skal òg få kunnskap og praktisk forståing for forskingskvalitet (reliabilitet og validitet) innan kvantitativ forsking.

Læringsutbytte

Kunnskap

Ved gjennomført kurs har studenten:

  • avansert kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar og korleis desse er relaterte til val av metodar og gjennomføring av forskingsprosjekt
  • kunnskap om forskingsetikk, inkludert datahandtering og personvern
  • inngåande kunnskap om sentrale metodar og teknikkar innan kvalitativ og kvantitativ forsking
  • avansert kunnskap om korleis å utarbeide eit forskingsdesign til eit sjølvstendig forskingsarbeid

Ferdigheiter

Ved gjennomført kurs kan studenten:

  • utarbeide og gjennomføre datainnsamling og kritisk evaluere ulike datakjelder
  • anvende sentrale metodar og teknikkar innan kvalitativ forsking.
  • vurdere validitet, styrkar og svakheiter i eit kvantitativt forskingsdesign
  • utarbeide og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til private eller offentlege organisasjonar som undersøkingsobjekt og anvende kunnskap frå andre delar av programmet i analysen av organisasjonen / organisasjonane.

Generell kompetanse

Ved gjennomført kurs kan studenten:

  • utarbeide og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid fundert i vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap
  • delta i større forskingsprosjekt eller konsulentarbeid innanfor området organisasjon og leiing med vekt på programmets fokus på teknologi og innovasjon
  • anvende kunnskap om forskingsdesign og metode og kritisk vurdere kor høvelege desse er til ulike forskingsdesign og metodar for konkrete forskingsprosjekt
  • vurdere og reflektere over etiske utfordringar i forsking

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fullført emner som går på 1. og 2. semester

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga består av førelesningar og praktiske øvingar i vitskapsteori og kvalitativ metode, inkludert case-studieforsking. Studentane er forventa å vere aktive i undervisninga gjennom å stille spørsmål, delta i gruppe- og plenumsdiskusjonar, svare på spørsmål og å vise evne til kritisk refleksjon over fagstoffet.

Studentane skal delta i gruppearbeid og presentere munnleg eller skriftleg resultat av gruppearbeid i vitskapsteori, kvalitativ metode og case-studieforsking. Studentane kan også få tilbod om å delta på eit studentaktivt seminar i kvantitativ metode.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for at kandidaten kan framstille seg til eksamen:

  • Delta i gruppearbeid i vitskapsteori og levere ei skriftleg innlevering
  • Delta i gruppearbeid i kvalitativ metode om kvalitative intervju / teknikkar, med praktisk intervjuing
  • Delta i gruppearbeid i casestudieforsking og levera ei skriftleg innlevering
  • Levere prosjektskisse i metode og forskingsdesign. Prosjektskissa skal skrivast i grupper på inntil to (2) studentar (normalt same gruppe som skal skrive masteroppgåva saman) og skal ha eit omfang på ca. 3000 ord.

Godkjende arbeidskrav er gyldige i eksamenssemesteret og i tre påfølgjande semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 5 timar.

Karakterskala er A-F,

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne

Meir om hjelpemiddel