ØAO016 Strategi og verksemdsutvikling
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Kurset gir ei innføring i grunnleggjande strategiske perspektiv og analysar. Gjennom kurset vil kandidatane opparbeide seg kunnskap om strategiske metodar og utvikle ei forståing for strategisk tenking. Vidare vil kurset gi kandidatane ei innføring i grunnleggjande forretningsutvikling.
Kandidatane vil arbeide i grupper med to arbeidskrav og ein semesteroppgåve. Desse er forma slik at kandidatane får øvd seg på å bruke kunnskapane, ferdigheitene og dei generelle kompetansane som er skildra under.
Læringsutbytte
Etter å ha gjennomført og bestått emnet vil kandidatane ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som beskrive under:
Kunnskapar:
- God innsikt i sentrale tema, teoriar, problemstillingar og metodar knytt til strategifaget.
- Innsikt i kva som skal til for å fatte strategiske beslutningar, og korleis desse vert påverka av interne og eksterne forhold.
- Kunnskap om korleis strategi og verksemdsutvikling heng saman og vert påverka av interne og eksterne forhold.
- Kunnskap om korleis ein kan identifisere moglegheiter for forretningsutvikling, og korleis ein kan leggje til rette for å utnytte desse.
Ferdigheiter:
- Gjennomføre strategiske analysar av verksemder, og kunne diskutere korleis innsikt frå slike påverkar val og implementering av strategi.
- Identifisere og drøfte problemstillingar knytt til strategiske val og operasjonalisering av strategi.
- Identifisere og analysere kva element som er viktige for verksemder si evne til å skape verdi over tid.
- Formulere ein forretningsidé for ei verksemd.
- Identifisere ei verksemd si forretningsidé og -modell, viktige utfordringar internt og eksternt, samt kva som er viktig for verksemda si verdiskaping.
Generell kompetanse:
- Forstå betydinga av strategi og forretningsutvikling for verksemder.
- Evne til kritisk refleksjon rundt tema i emnet.
- Evne til å presentere fagstoff og analyse både skriftleg og munnleg.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskapar tilsvarande grunnleggande marknadsføring (t.d. BØA116) og grunnleggande organisasjonsfag (f.eks. BØA112). Noko forkunnskapar i samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi er ein fordel.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å levere semesteroppgåva må dei følgjande to arbeidskrava være bestått:
- Ei skriftleg gruppeoppgåve.
- Eit skriftleg eller munnleg gruppearbeid som skal delast med klassen.
Obligatoriske arbeidskrav gjeld eksamenssemesteret og dei 3 påfølgjande semestra.
Vurderingsform
Semesteroppgåve som skal løysast i gruppe (100 % av endeleg karakter)
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne, med følgjande avgrensingar:
- Kandidatane må krysse av eigeerklæring i WiseFlow før innlevering av semesteroppgåva. Ved å krysse av for eigeerklæring, stadfestar kandidaten at han er kjend med forskriftene for studiet og eksamen, og retningslinjene for handtering av juksved HVL.
Kandidatane må referere til og informere om eventuell bruk av kunstig intelligens (KI). Semesteroppgåva skal vere skriven av kandidatane som leverer oppgåva, ikkje av KI; dette vil bli rekna som juks. KI kan likevel brukast som støtte i skriveprosessar, som ein samtalepartner og liknande. Sjå særleg kapitla «Om å skrive og referere» og «Kunstig intelligens» på sida for innlevering av heimeeksamen og oppgåver.
Meir om hjelpemiddel