Hopp til innhald

ØKB3135 Årsrekneskap og bokføring

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet gir fordjuping i rekneskapsprosessen frå bokføring til ferdig årsrekneskap i tråd med gjeldande regelverk.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Har inngåande kunnskap om dei grunnleggjande bokføringsprinsippa og sentrale delar av god bokføringsskikk
  • Har kunnskap om regelverket for avslutning av årsrekneskap
  • Kjenner til regelverket for notar og årsmelding, inkludert berekraftsrapportering
  • Kan forklare behovet for konsernrekneskap og prinsippa for elimininering av konserninterne postar

Ferdigheter

  • Kan bokføra og kvalitetssikra transaksjonar og andre hendingar i rekneskapen, inkludert analyse av dei rekneskapsmessige konsekvensane av ulik MVA-behandling
  • Kan avslutta ein årsrekneskap for aksjeselskap, inkludert skattepostar og resultatdisponering
  • Kan utarbeida og kvalitetssikra ekstern rekneskapsrapportering ved bruk av avstemmingar og andre analyseteknikkar
  • Kan utarbeida ein enkel konsernrekneskap (inkludert skatt og minoritetar)

Generell kompetanse

  • Kan tileigna seg oppdatert kunnskap innanfor ovannemnde kunnskaps- og ferdigheitsområde
  • Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer
  • Kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre fagpersonerkan sjå emnet i eit større samfunnsmessig perspektiv

Krav til forkunnskapar

BØA117 Finansrekneskap med analyse (eller tilsvarande kompetanse)

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveløysing i plenum og individuelt, og rettleiing knytt til oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennomført grunnleggjande opplæring i rekneskaps- og årsoppgjersprogram

Vurderingsform

Digital skuleeksamen, 4 timar - 100 %

Karakterskala A - F

Hjelpemiddel ved eksamen

Digitale rettskjelder: Tilgang til Lovdata.no og Reknskapsstiftelsen.no

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB3117 - Vidaregåande finansrekneskap - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • ØKB3119 - Rekneskapsføraryrket og rekneskapsorganisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng