BARN210 Arbeid med tiltak i barnevernet
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Dette emnet bygger vidare på tema i BARN200 Avgjerdsprosessar og omsorgsvurderingar i barnevernstenesta. Emnet har fokus på dei komplekse faglege og etiske vurderingar barnevernstenesta må gjere ved val av tiltak for eit barn og i oppfølginga av tiltaka. Sentrale tema i emnet er vurdering og beslutningar av omsorgsovertaking, plasseringar, samver og tilbakeføring, og dokumentasjon av plan- og evalueringsarbeid i hjelpe- og omsorgstiltak. Vidare; barnevernets ansvar for plasseringar utanfor heimen særleg fosterheim, ettervern, og betyding av tverrfagleg samarbeid i dette.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har brei kunnskap om muntleg og skrifteleg sakshandsaming etter lov om barnevernsstenester når det gjelder omsorgsovertaking, flyttingar, val og oppfylging av tiltak, gjenforening, tilbakeføring og adopsjon.
- har brei kunnskap om omsorgssvikt, vald og overgrep mot barn og moglege årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar for barns utvikling.
- har brei kunnskap om barnevernets ansvar for oppfølging av barn og foreldre etter omsorgsovertaking og etter plassering som hjelpetiltak (barn som er plassert i fosterheim og institusjon.)
- har brei kunnskap om fosterheim som tiltak.
- har kunnskap om meistrings- og endringsprosessar for barn og foreldre.
- har brei kunnskap om ungdoms overgang til voksen og barnevernets ansvar for barnevernstiltak 18-25 år (ettervern).
- har kunnskap om digital sakshandsaming i barnevernet og bruk av sosial mediar i kontakten med barn og familie.
Ferdigheiter: Studenten..
- kan grunngi forslag til omsorgsovertaking av barn og andre avgjersler som vert tatt av barneverns- og helsenemnda.
- kan utforme journalar og skriftlege planer for barnet, i samarbeid med barnet, familien og andre relevante instansar på tvers av kontekster og ulike kulturar.
- kan anvende et fleirfagleg kunnskapsgrunnlag basert på nasjonal og internasjonal forsking og gjere vurderingar av barnets beste i val og evaluering av tiltak.
- kan reflektere kritisk over maktforhold og etiske dilemma knytt til omsorgsovertaking og flyttingar.
- kan ha samtaler med barn om utfordrande tema, barnet si historie, identitet og barnevernet sine avgjersle.
- kan bruke relevant lovverk, regelverk og veiledere.
Generell kompetanse: Studenten..
- har brei kunnskap om korleis møte barn og foreldre i en sårbar situasjon på en respektfull måte og legge til rette for medverknad og samarbeid.
- kan formidle og fagleg begrunne, både skriftleg og munnleg val og avgjerder om å sette i verk tiltak og evaluere desse.
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå 1.semester (BARN100, BARN110 og BARN120) og BARNP1 må vere bestått for å starte 2. studieår. I tillegg må studenten ha opparbeida eksamensrett i emne BARN200.
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet vert det studentaktive undervising- og arbeidsformer både individuelt og i grupper, som bruk av video/skjermforelesing, filmar, jobbing med kasus, samt refleksjons oppgåver. Andre undervisingsformar er møter med brukargrupper og praksisfeltet, studiebesøk og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening knytt til: sakshandsaming etter lov om barnevernstenester når det gjeld omsorgsovertaking, flyttingar, val av tiltak og barnevernstenesta si oppfølging av desse, samt tilbakeføring, adopsjon og ettervern
- Skrive plan for oppfølging av barn og foreldre etter omsorgsovertakelse jf. kap. 8 i lov om barnevern
Vurderingsform
Skuleeksamen, 5 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått
Ny eksamen Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BS5-201 - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng