BIDR213 Folkehelsearbeid
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet folkehelsearbeid gjer praktisk og teoretisk innføring i folkehelsearbeid med fokus på helsefremjande arbeid på gruppe- og befolkningsnivå. Studentane skal arbeide med korleis ein kan leggje til rette i samfunnet for å fremje helse i befolkninga og redusere sosial skilnad i helse med særskilt fokus på fysisk aktivitet. Emnet gjer ei innføring og praktisk øving i planlegging, gjennomføring og evaluering av eit folkehelseprosjekt, der studentane skal arbeide i grupper og ute i felt med ei problemstilling eller eit oppdrag.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan gjere greie for relevante omgrep, teoriar og prinsipp knytt til folkehelsearbeid og helsefremjande arbeid
- har brei kunnskap om systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid jf. folkehelselova
- har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, helse og livskvalitet hos barn og unge
- har innsikt i sentrale strategiar og føringar for folkehelsearbeid og fysisk aktivitet nasjonalt og globalt
- har kjennskap til innovasjonsmetodikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over etiske spørsmål knytt til folkehelsearbeid
- kan formidle dei nasjonale anbefalingane for fysisk aktivitet og kosthald til ulike grupper
- kan vurdere helsefremmande og førebyggande tiltak i lys av folkehelseutfordringar og bærekraftsmåla
- kan innhente, analysere, tolke og presentere kvalitative data knytt til folkehelsearbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre, evaluere, reflektere rundt og formidle eit folkehelseprosjekt i samarbeid med andre
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet inneheld både teoretisk og praktisk undervisning med kombinasjon av prosjektarbeid, forelesning, gruppearbeid, feltarbeid og andre studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Prosjektplan (skriftleg i gruppe)
- Gjennomført aktivitetar som høyrer til prosjektet
- Læringsaktvitet knytt til fysisk aktivitet, helse og livskvalitet og barn og unge (munnleg)
Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Emnet har to deleksamenar som går over sju dagar:
- Skriftleg oppgåve i gruppe: Prosjektrapport (vekta 50%)
- Individuell munnleg eksamen (vekta 50%)
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Ved ny eksamen leverer studenten/gruppa omarbeida deleksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillatt.
For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel