MPPU306 Skulen i samfunnet – Utvikling av profesjon og profesjonsfellesskap i ein samfunnskontekst
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet legg vekt på skulen som ein sentral samfunnsinstitusjon med mandat til å utføre oppgåver på vegne av storsamfunnet. Emnet søker å utvikle studentane sin evne og vilje til kontinuerleg profesjonsutvikling, og å ta profesjonsansvar i større profesjonsfellesskap. Det vert fokusert særskilt på korleis skulen fungerer som arena for sosialisering og identitetsutvikling i samspel med andre sosialiserings-arenaer som familie og vener. Lærestoffet omfattar difor samarbeid med foreldre, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre instansar utanfor skulen.
Følgjande tematikk er felles for begge studiestadane:
- Profesjonsutvikling i profesjonsfellesskap
- Utdanningspolitikk og skuleutvikling
- Samspel mellom interne og eksterne aktørar
- Barn og unge i utsette livssituasjonar
- Mobbing og fråfall
- Det fleirkulturelle samfunnet (inkl. urfolks rettar)
- Sosialisering og identitetsutvikling
Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av didaktikk, pedagogikk, og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er ei utforskande og dialogbasert tilnærming til læring. Det føreset ei forankring i forsking og fagleg, pedagogisk utviklingsarbeid.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- har kunnskap om korleis utvikle profesjonsfellesskap i skulen som organisasjon
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjoner, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.
Ferdigheiter
Studenten
- kan leie og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan samhandle i eit profesjonsfellesskap
- kan identifisere og tilrettelegge for barn og unge som har særskilte behov, og kunne etablere tverrprofesjonelt samarbeid til barnet sitt beste.
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling
- kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.
Krav til forkunnskapar
PPUA305 Ledelse av læreprosesser - ledelse av lærings- og utviklingsarbeid i et individ- og gruppeperspektiv
PPUA307 Praksis 1
Undervisnings- og læringsformer
Det er ikkje mogeleg å lytte seg til å bli ein god lærar. Studiet gjer difor bruk av ei rekke studentaktive lærings- og arbeidsformer. Kva arbeidsformer som vert teke i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det vert arbeidd med. Undervisnings- og læringsformer er mellom anna førelesingar, ulike former for gruppearbeid med presentasjoner, erfaringsdeling, prosessorientert oppgåveskriving og rettleiing. Det vert lagt opp til studentarbeid mellom samlingane.
Emnet følger intensjonen i dei nasjonale retningslinene når det gjeld undervisning. Studentane vert inviterte til ei vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.
Det er obligatorisk oppmøte på læringsaktivitetar i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. Undervisninga inneheld i hovudsak studentaktive læringsformer, og fordrar til obligatorisk deltaking i undervisninga.
- Profesjonsutvikling. Skriftleg oppgåve.
- Samarbeid med interne/eksterne aktørar. Studentaktiv arbeidsform.
- Obligatorisk oppmøte.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert presiserte nærare frå studiestaden.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, inntil 45 minutt.
Studenten kan få spørsmål frå både emne PPUA305 og MPPUA306.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel