SA615 Miljøhistorie
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Er all historie djupast sett miljøhistorie? Historikaren Sunil Amrith har hevda at all menneskeleg historie var miljøhistorie: Menneske var prisgjevne omgjevnadane inntil dei skapte teknologi til å lausrive seg med. Alternativt kan ein hevde at heile planetens historie blei miljøhistorie idet mennesket omkalfatra jordoverflata, atmosfæren og klimaet og dermed skapte ei ny geologisk epoke: Antropocen.
Dette emnet gir historiske perspektiv på det grunnleggande samspelet mellom menneskelege samfunn og resten av naturen, og på korleis dette har endra seg i løpet av dei siste hundreåra. Emnet gir ei oversikt over den globale miljøhistoriske utviklinga dei siste 500 åra, frå førindustriell tid og fram til den store akselerasjonen i menneskeskapte miljøendringar frå midten av 1900-talet. Desse lange historiske linjene blir kombinert med djupdykk i utvalde eksempel frå moderne historie, knytt til utviklinga i energi- og industriproduksjon, sikkerheitspolitikk og til framveksten av ulike former for miljø- og klimapolitikk. Heilt sentralt, både i tilknyting til dei overordna teoretiske perspektiva og i dei empiriske nedslaga, står spørsmålet om korleis endringar i miljøet har verka saman med utviklinga av kunnskap om det.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten...
- har brei kunnskap om ulike miljøhistoriske perspektiv og teoriar
- kan greie ut om ulike former for samspel mellom menneske og omgjevnadane, og korleis desse har endra seg over tid og variert mellom ulike grupper og deler av verda
- kan greie ut om forbindelsar mellom energiforsyning, økonomisk og teknologisk utvikling, geopolitikk og miljøpolitikk
- har tilstrekkeleg kunnskap om utvalde historiske døme til å kunne drøfte og kritisere ulike miljøhistoriske teoriar
Ferdigheiter
Studenten kan…
- orientere seg i forskingsfronten, forstå historisk forskingsdebatt og reflektere over vitskaplege grunnlagsproblem
- bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere slike kjelder kritisk i eigne framstillingar
- handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
Generell kompetanse
Studenten kan…
- skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og med kritisk bruk av klassiske studiar og nyare faglege bidrag
- ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap
- vurdere samanhengar mellom historiske utviklingstrekk og hendingar i notida
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Første år av bachelorstudium eller årsstudium i historie eller samfunnsvitskap
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar (og, om ønskeleg, medstudentar), studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Førsteutkast eller detaljert disposisjon til semesteroppgåve.
Vurderingsform
Skriftleg semesteroppgåve, individuell.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd. Ved "ikkje greidd" (F) kan semesteroppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne. For informasjon om bruk av kunstig intelligens, sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet
Meir om hjelpemiddel