SYK250UTV Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet er tilrettelagt for at studentane skal tileigne seg brei kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse i helsefremmande og førebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv. I tillegg vil emnet bidra til auka innsikt i sentrale omgrep og tema innan global helse, internasjonalisering, FN sine berekraftsmål og menneskerettar. Praksis er ei fordjuping innanfor folkehelsearbeid.
Emnet gjer det mogleg å ta ein del ute og ein del heime.
Emnet inneheld følgande tema:
• Helsedeterminantar og sosial ulikskap i helse
• Salutogenese og empowerment
• Helsekompetanse/Health literacy
• Sjukepleiaren sin pedagogiske funksjon
• Nasjonale og internasjonale styringsdokument
• Kultur og helse i eit globalt perspektiv
• Migrasjonshelse
• Kultursensitivitet og kommunikasjon
• Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
• Vaksinasjon
• Livsstil og livsstilsendringar
• Førebyggande helsearbeid knytt til barn og unge
• Frivillig arbeid
Studentane sitt arbeidsomfang i emne er rekna til 405 timar. Av desse er 160 timar knytt til pasient- og brukarretta arbeid på ulike nivå.
Dette emnet er for studentar som reiser på utveksling i del 1, og/eller del 2 av emnet i tråd med utvekslingsavtaler.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten…
- har brei kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande og førebyggande funksjon i eit folkehelseperspektiv
- har kunnskap om relevante undervisnings- og rettleiingsmetodar
- har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder slik at kandidaten kan bidra til likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har kunnskap om helse- og sosialpolitikk innanfor fagfeltet folkehelse, inkludert gjeldande myndigheitskrav
- har kunnskap om barn og unge sine behov for tenester i eit folkehelseperspektiv og sikring av deira medverknad og rettigheiter
- har kunnskap om samtale med barn om tema omsorgssvikt, vald og overgrep
- har kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid
- har kunnskap om arbeidsinkluderande tiltak
- har kunnskap om samane sin status som urfolk og om samane sine rettar, særskilt innanfor helse- og sosialfeltet og folkegrupper der studentane har sin utveksling
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helsefremmande og forebyggande tiltak og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan nytte kunnskap om kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte kunnskap om lærings-, meistrings- og endringsprosessar i rettleiing og undervisning i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i folkehelsearbeid
- kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving innanfor folkehelsearbeid
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i folkehelsearbeid for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak som fremmer god psykisk helse
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
- kjenner til globale helseutfordringar og sjukepleieutøving i eit internasjonalt perspektiv
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kan formidle og reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
Krav til forkunnskapar
SYK110, SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P
Tilrådde forkunnskapar
SYK200
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer som brukast.
• Førelesingar
• Arbeid i grupper
• Digitale ressursar
• Formidling frå studentar
• Ferdigheitstrening
• Simulering
• Rettleiing
• Medstudentrespons
• Eigenvurdering
• Oppgåveløysing
• Skriftleg arbeid
• Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i del 1:
1. 1 obligatorisk rettleiing på eksamensoppgåve
2. 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer, omfang kjem fram av timeplan.
Vurderingsform
Eksamen består av to delar og begge må vere bestått.
Del 1:
Oppgåve i gruppe (eller individuelt), lengde 2000 ord +/- 10%.
Tid og stad for innlevering av oppgåva blir gitt på Studentweb.
Alle i gruppa skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om en eksamenskandidat har bidratt tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal dette dokumenterast frå alle gruppemedlemmane og emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal regnast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må da levere en ny oppgåve til ny eksamen. Jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL, § 11- 17 Gruppeeksamen
Del 2:
Praksis 160 timar knytt til pasient - eller brukarretta arbeid. Praksisstudiet vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må studenten ha oppfylt kravet om 90% deltaking i praksis.
Vurderingsuttrykk:
Bestått/ ikkje bestått.
Ny eksamen:
Ved ikkje bestått vurdering på del 1, er det høve til å levere forbetra versjon av oppgåva. Ein/gruppa har då rett på ei rettleiing.
Ved ikkje bestått vurdering del 2, vil det tilretteleggjast for ny praksisperiode på campus ved neste moglegheit.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate.
Meir om hjelpemiddel